MANGELVARE: Mange små barn i verda får ikkje i seg fisk.

Tore Meek/NTB scanpix

Eitt av tre barn under fem år er feilernærte

HelseEitt av tre barn under fem år i verda er anten underernærte eller overvektige. Seks av ti barn under to år får ikkje egg, meieriprodukt, fisk eller kjøtt.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Funna er henta frå ei stor samanstilling av forsking i ein fersk Unicef-rapport.

Fakta om svolt og underernæring

  • Svolt er ein tilstand der kroppen over lengre tid ikkje får den næringa han treng for å fungere.
  • Ekstrem svolt fører til underernæring og kan i alvorlege tilfelle vere dødeleg.
  • Feilernæring er ein tilstand der kroppen er svekt slik at han ikkje kan utvikle seg og halde oppe naturlege funksjonar.
  • Underernæring er ein tilstand der menneske ikkje får nok mat (kaloriar, vitamin og protein).

Kjelder: FN

Totalbiletet er at alarmerande mange barn får i seg feil, for lite eller for mykje mat, konkluderer rapporten «The State of the World’s Children 2019: Children, food and nutrition».

200 millionar bar er feilernærte

På verdsbasis er så mange som 200 millionar barn feilernærte.

Det handlar ikkje berre om at barn må få nok mat: Dei må få rett mat.

Ikkje berre fattigdomsfenomen

Camilla Viken, som er generalsekretær i Unicef Norge, seier at næringsfattig kosthald er ein viktig årsak til dødsfall verda over.

– Men feilernæring truar ikkje berre sjansane barn og unge har for å overleve, det går hardt ut over veksten og utviklinga deira, seier Viken.

Mange lir av veksthemming

Feilernæring har ført til at 149 millionar barn lir av veksthemming, slik at dei er lågare enn dei burde vere for alderen. Rundt 50 millionar barn lir av avmagring – dei er for tynne for høgda.

Mangel på viktige vitamin

Sjokkerande mange, 340 millionar barn, lir av mangel på viktige vitamin og næringsstoff.

Dette er ikkje berre eit problem i fattige land: Nesten 45 prosent av barna i verda får ikkje frukt eller grønsaker i det heile frå dei er 6 månader til dei er 23 månader.

Det er i denne perioden fram til dei er to år, barna bør lære å ete fast føde.

Det er verst i Guinea

Verst er det i Guinea. Der har 85 prosent av toåringane aldri smakt frukt eller grønsaker.

Når samtidig få av dei blir amma av mor, er risikoen for underernæring svært høg.

På verdsbasis har over halvparten av alle barn aldri smakt egg, meieriprodukt, fisk eller kjøtt før dei er 23 månader gamle.

Ein stor del av toåringane på jorda har aldri ete frukt, grønsaker, kjøtt, egg, mjølk eller bær. Det kan få store følgjer for helsa deira vidare i livet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

40 millionar overvektige

– Millionar av barn har eit usunt kosthald av den enkle grunn at dei manglar eit betre alternativ. Vi må endre måten vi forstår og imøtegår feilernæring på. Det handlar ikkje berre om å sørgje for at barn får i seg nok mat, men at dei får i seg rett mat, seier Viken.

Overvekt er òg eit stort og veksande problem i verda. Om lag 40 millionar barn er no anten overvektige eller ekstremt overvektige.

Overvektige barn fordobla

Mellom 2000 og 2016 vart prosentdelen overvektige barn mellom 5 og 19 år fordobla. Medan eitt av ti barn var overvektige i 2000, gjaldt det i 2016 for nesten to av ti. Sidan 1975 har prosentdelen ekstremt overvektige jenter vorte ti gonger så høg, for gutar tolv gonger.

46 prosent et gatekjøkkenmat

I låg- og middelinntekstland – land der det er mykje fattigdom – drikk 42 prosent av barna i skulealder brus minst ein gong om dagen. 46 prosent av dei et gatekjøkkenmat minst ein gong i veka. Desse tala er mykje høgare blant tenåringar i høginntektsland.

Mykje brus og gatekjøkkenmat kan i kombinasjon med mangel på vitamin og næringsstoff hindre utviklinga av hjernen, føre til lærevanskar, dårleg immunsystem, fleire infeksjonar og i verste tilfelle død, åtvarar Unicef.