Folk i gatene jublar over at Bodø er kåra til europeisk kulturhovudstad 2024.

Per Inge Johnsen / Bodø kommune / NTB scanpix

Bodø-folk jubla over kulturhovudstad-kåring

KulturBodø blir europeisk kulturhovudstad i 2024. Folk i byen er begeistra, og rådmann Rolf Kåre Jensen trur det vil gagne heile landsdelen.

  • © NTB
  • Publisert:

Rolf Kåre Jensen er rådmann i Bodø. Han synest utnemninga er fantastisk.

Fakta om dei europeiske kulturhovudstadene

  • Kulturministrane i EU peikar årleg ut fleire europeiske kulturhovudstader i Europa.
  • Berre byar i EU, EØS-land eller land som kan blir medlem av EU ein gong i framtida, kan bli europeisk kulturhovudstad.
  • Byane skal markere den felles kulturelle eigenarten i Europa gjennom ulike kulturtiltak gjennom året.
  • Athen var den første europeiske kulturbyen (1985).
  • Tiltaket har etter kvart utvikla seg til gigantiske arrangement med stor konkurranse om å bli utpeika.
  • I 1999 vart omgrepet kulturby endra til kulturhovudstad.
  •  To norske byar har vore europeisk kulturhovudstad før: Bergen i 2000 og Stavanger i 2008.

Kjelder: snl.no/NTB

– Dette er ikkje berre eit kultur- og samfunnsprosjekt for Bodø og Nordland. Dette er eit samfunnsutviklingsprosjekt. Eg trur ikkje folk heilt aner kor stort dette er, seier Jensen.

– Dette er stort for utviklinga av byen og landsdelen, rett og slett.

300 millionar

Søknadsprosessen har vore lang, men det verkelege arbeidet byrjar no.

– Det er mange år til 2024. No skal vi brette opp skjorteermene og køyre på. Det skal bli masse aktivitet i Bodø og Nordland fram til det toppar seg i 2024 med aktivitetar heile året, fortel rådmannen.

Eit budsjett på 300 millionar kroner

Jensen seier det er lagt opp til eit budsjett på rundt 300 millionar kroner.

– Éin tredel frå kommune og fylkeskommune, éin tredel frå privat næringsliv og éin tredel frå staten, håper vi. Det lokale har vi ganske god kontroll på, inkludert det private, og no skal vi starte ein god dialog med staten.

– Eit stort løft

Kulturminister Trine Skei Grande (V) gratulerer Bodø med tildelinga.

– Dette blir utan tvil eit stort løft for byen, fylket og landsdelen, og det er sjølvsagt òg gledeleg for kulturnasjonen Noreg, seier statsråden til NTB.

Ventar på søknad

Grande legg til at ho no ventar på støttesøknaden frå byen.

– Den skal vi sjå på saman med dei og vurdere med eit ope sinn.

Det er ei unik moglegheit

Tomas Norvoll (Ap) er fylkesrådsleiar i Nordland. Han ser tildelinga som ei unik moglegheit.

– No får vi Europas nysgjerrige blikk retta mot oss og alt det vi har å tilby, og ikkje berre på kulturområdet, seier ein svært fornøgd Norvoll.

I ellevte time

Bodø kjempa mot dei bosniske byane Banja Luka og Mostar om å bli éin av tre europeiske kulturhovudstader i 2024. Juryleiar Jiri Suchanek har vore med på mange tildelingar tidlegare, men seier dette var ein av dei vanskelegaste.

Ei vanskeleg avgjerd

– Vi skulle vurdere tre svært ulike byar med ulikt utgangspunkt. Bodø leverte ein god søknad, men den endelege avgjerda kom ikkje før ti minutt før vi gjekk inn i salen for å kunngjere resultatet, fortel Suchanek.

Det er første gongen ein by nord for polarsirkelen skal vere kulturhovudstad.

Bodø, her med øya Landegode i bakgrunnen, blir europeisk kulturhovudstad. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Tre kulturhovudstader

Frå før er det kjent at Tartu i Estland blir ein av dei andre kulturbyane.

Den tredje blir i Austerrike, der det står mellom Salzkammergut, Dornbirn og St. Pölten. Den endelege avgjerda kjem i november.