NRK tok livet av to gullfiskar for å vise kva som kan skje når ein dumpar giftig avfall i ein fjord. NRK braut dyrevelferdslova og vart dømt for å ha avliva fiskane ulovleg.

Shutterstock / NTB scanpix

NRK får bot for å ha drepe to gullfisk

KulturProgramleiarane i Satiriks i NRK tømte gift i bollen til to gullfisk for å vise kva som skjer når det blir dumpa miljøgift i fjorden. No får NRK 10.000 kroner i bot.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Dei to gullfiskane døydde kort tid etter at vatnet deira vart forgifta. Det opplyser NRK.

Fakta om dyrevelferdslova

  • I Noreg fekk vi den første dyrevernslova i 1935, men alt frå 1842 forbaud straffelova dyreplageri.
  • Dyrevelferdslova inneheld prinsipp og føresegner om korleis menneske skal behandle tamme og ville dyr.
  • Med utgangspunkt i dyrevelferdslova lagar styresmaktene meir detaljerte forskrifter for dei ulike typane dyrehald.

Det satiriske underhaldningsprogrammet ønskte å vise kva som skjer når det blir dumpa miljøgifter i Repparfjorden.

Har sagt ja til gruvedrift

Repparfjorden er ein fjord i Kvalsund kommune i Finnmark. Der har Regjeringa sagt ja til at gruveselskapet Nussir kan lagre gruveavfall frå kopargruva si i Kvalsund på botnen av Repparfjorden.

Mange har protestert på løyvet, og det har vore underskriftskampanjar mot at det skal dumpast giftig avfall i fjorden.

Fryktar giftig slam

Noregs miljøvernforbund er blant dei som fryktar at giftig slam skal gjere stor skade på miljøet. Regjeringa meiner avfallet vil bli handtert på ein trygg og ansvarleg måte.

NRK gjorde opptak på kjøpesenter

NRK gjorde opptaket med gullfiskane på kjøpesenteret Storo Senter i Oslo.

Dei to programleiarane hadde kvar sin bolle med to akvariefisk oppi  Framfor eit lite publikum forklarte dei at dei skulle sjå på effekten av dumping av grusavfall og gift på fisk.

Grus og gift

Først tømte dei grus i den eine bollen og konstaterte at det ikkje såg ut til å skade fisken. Så helte dei ei gjennomsiktig og giftig væske i bollen.

Fisken døydde fort

Etter kort tid låg fisken på ryggen. Programleiarane konkluderte med at gift ikkje er bra for fisk.

NRK sende programmet 22. februar i år, men fjerna det aktuelle innslaget frå andre plattformer etter at det kom kritikk.

I etterkant melde organisasjonen «NOAH for dyrs rettigheter» underhaldningsprogrammet Satiriks til politiet for vald mot gullfiskane og for å ha gjennomført ein ulovleg avliving.

Saka vart lagt bort

Statsadvokaten la først bort saka, men no har Riksadvokaten gjort om avgjerda. Riksadvokaten meiner NRK har brote det fjerde leddet i dyrevelferdslova paragraf 12.

NRK må betale ei bot

Konklusjonen er at NRK får ei føretaksstraff og må betale ei bot på 10.000 kroner.