Her er eit skjelett av ein Tyrannosaurus rex. I Japan har dei funne ein heilt ny type dinosaur, som dei har kalla japansk dragegud.

Reuters/NTB scanpix

Japanske forskarar har funne ny dinosaurart

UkategorisertJapanske forskarar har funne ein heilt ny dinosaurart. Bakgrunnen er oppdaginga av eit åtte meter langt, nesten komplett skjelett.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det fossile dinosaurskjelettet er det største som nokon gong er funne i Japan.

Fakta om dinosaurar

  • Dinosaurane er ei stor gruppe krypdyr som oppstod for om lag 250 millionar år sidan.
  • Dinosaurane var dei viktigaste firbeinte dyra på land i tidsperiodane trias, jura og krit.
  • Dei varierte svært mykje både i storleik, utsjånad og levesett.
  • Dinosaurane omfattar to undergrupper. Fuglane blir rekna for å vere små dinosaurar og direkte etterkommarar av kjøttetande theropodar.

Kjelder: snl.no, wikipedia.no

Forskarane ved Hokkaido-universitetet har analysert dei 72 millionar år gamle leivningane og komme fram til at det dreier seg om ein hittil ukjend dinosaurart, ein planteetar i slekta nebbdinosaur.

Fann halen i 2013

Ein del av halen vart funnen i 2013, og seinare utgravingar har avdekt resten av skjelettet.

Forskarane har gitt arten namnet Kamuysaurus japonicus, som betyr japansk drakegud, ifølgje ei pressemelding frå universitetet.

Ni år gammal?

Forskarane trur eksemplaret dei har funne, var ein ni år gammal vaksen dinosaur. Dei reknar vekta til mellom 4 og 5,3 tonn, avhengig av om dyret vanlegvis gjekk på to eller fire bein.

Oppdaginga er lagt fram i ein artikkel i det britiske forskingstidsskriftet Scientific Reports.

Ei eiga dinosaurverd

– Det at ein ny dinosaur er oppdaga i Japan, betyr at det ein gong eksisterte ei uavhengig verd av dinosaurar i Japan og Aust-Asia med ein eigen evolusjonsprosess, seier teamleiar Yoshitsugu Kobayashi.

Dinosauren levde i kystområde

Kamuysaurus japonicus levde sannsynlegvis ved kysten, noko som blir rekna som eit nokså sjeldan leveområde for dinosaurar på den tida. Fossilet gir òg verdifull innsikt i omgivnadene og miljøet til dyret.