Ein flokk kveg står i eit utbrent område i Apui i Amazonas i Brasil. No vil kleskjeda H&M stanse innkjøpa sine av lêr frå Amazonas fordi kvegproduksjonen er med på øydeleggje skogen.

REUTERS/Bruno Kelly

H&M sluttar å kjøpe lêr frå Brasil

MiljøKleskjeda Hennes & Mauritz stansar innkjøpa sine av brasiliansk lêr. Dei vil sikre seg at produksjonen ikkje truar regnskogen i Amazonas.

  • © NTB
  • Publisert:

Dermed følgjer Hennes & Mauritz-konsernet (H&M) etter VF Corporation, som mellom anna står bak varemerka Timberland og The North Face. VF Corporation la i august innkjøpa sine av lêr frå Brasil på is. Den underliggjande årsaka er dei mange skogbrannane i Amazonas.

Fakta om regnskog

  • Skog i områder med mye nedbør jevnt fordelt gjennom året.
  • Regnskogene har utviklet seg ubrutt gjennom millioner av år. De er med på å styre klimautviklingen.
  • Når regnskogen fjernes, vil mye av vannet som ellers ville fordampe renne ut i elver og hav. Dette kan blant annet føre til at store mengder jord blir borte på grunn av erosjon.
  • Regnskogen binder store mengder CO2.

Kilde: Store Norske Leksikon

Stansar innkjøpa

– På grunn av dei alvorlege brannane i dei brasilianske delane av regnskogane i Amazonas og tilknytinga deira til storfeproduksjon har vi vedtatt mellombels stans i kjøp av lêr frå Brasil, heiter det i ei fråsegn frå H&M torsdag.

Går til sko og klede

Lêr er tjukk dyrehud frå større dyr. Huda blir foredla ved eit garveri og blir mellom anna nytta som materiale i sko, klede, møblar og vesker.

Regnskogen blir øydelagd fordi folk ønskjer å bruke jorda til mellom anna husdyrhald og jordbruk.

– Det er bra!

No ønskjer altså H&M å markere seg ved ta vare på regnskogen. Det synest Regnskogfondet er bra!

– Stadig fleire bedrifter tar avstand til avskoginga og brannane i Amazonas. Press frå marknaden er truleg det som verkar best for å få Brasil til å endre kurs, så dette er bra, heiter det i ein twittermelding frå Regnskogfondet.

Tidlegare i år fekk H&M kritikk

I sommar fekk H&M kritikk av Forbrukartilsynet for marknadsføringa si av kleskolleksjonen Conscious (bevisst). Tilsynet meinte kleskjeda prøvde å gi inntrykk av at dei var berekraftige og miljøvennlege.

Marknadsføringa er ulovleg, konkluderte Forbrukartilsynet.

Kleskjeda Hennes & Mauritz stansar importen av brasiliansk lêr til dei er sikre på at produksjonen ikkje utgjer nokon trussel for regnskogen i Amazonas.

AP/NTB scanpix

Speler på kjensler

– Dei speler på kjensler og kjem med påstandar dei ikkje kan bruke. Når ein sel eit særleg miljøbelastande produkt, slik klede er, må ein vere varsam med å kalle det berekraftig. Det skal mykje til. Vi har konkludert med at dei driv villeiande reklame, og at dei har brote lova, sa nestleiar Bente Øverli i Forbrukartilsynet til NRK i juni.

Vanskeleg å seie om nokon driv etisk

Miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender meiner på generelt grunnlag at  det er vanskeleg å seie om ei kleskjede driv meir etisk enn ei anna.

–  Mangel på openheit i bransjen gjer det svært vanskeleg å vurdere kjedene opp mot kvarandre, skriv Framtiden i våre hender på nettsidene sine.