I framtida blir det kanskje unødvendig å ta vaksinar fleire gonger i livet. Forskarane håper på å utvikle ein genbasert samlevaksine.

Cornelius Poppe / NTB scanpix

Forskarar vil lage éin vaksine for alt – livet ut

HelseEit internasjonalt vaksineprosjekt tar sikte på å dekode det menneskelege immunforsvaret. Målet er å utvikle samlevaksinar du berre treng éin gong i livet.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Dette er eitt av dei mest spennande prosjekta for menneskehelsa framover, meiner tidlegare utanriksminister i Australia Julie Bishop.

Fakta om vaksinasjon

  • Alle barn fødde i Noreg får tilbod om vaksinar gjennom vaksinasjonsprogrammet.
  • Barna får vaksinar og eventuelle påfyll i 16 dosar og stikk frå det er 6 veker til det går i 10. klasse.
  • I dag tilrår styresmaktene vaksine mot tolv sjukdommar: difteri, stivkrampe, kikhoste, infeksjon med Haemophilus influenzae type b (HiB), hepatitt B, pneumokokksjukdom, poliomyelitt, meslingar, kusma, raude hundar, rotavirussjukdom​ og humant papilloma​virus (hpv) ​​.
  • I tillegg får barn tilbod om vaksine mot tuberkulose viss dei har auka risiko for smitte.
  • Fleire av vaksinane må friskast opp med nye dosar i vaksen alder.
  • Styresmaktene tilrår nye vaksinedosar mot sjukdommane difteri, stivkrampe, kikhoste og polio kvart tiande år, anten ein skal til utlandet eller ikkje.
  • Normalt fungerer ein vaksine ved at kroppen blir tilført svake eller døde smittestoff eller toksin – naturlege giftstoff. Dei skal få immunforsvaret til å danne eigne antistoff og dermed bli immunt mot sjukdommen det aktuelle smittestoffet eller gifta representerer.
  • Genbaserte vaksinar (DNA-vaksinar) fungerer ved at kroppen ved hjelp av DNA «lærer» å kjenne igjen ein fiende. Cellene i kroppen produserer antigen på ein måte som liknar det som skjer ved ein normal virusinfeksjon, til dømes ved ei forkjøling.

(Kjelder: Barnevaksinasjonsprogrammet)

– Det er første gong forskarar jobbar med å forstå denne siste store barrieren i menneskehelsa, å avkode immunsystemet til mennesket, sa Bishop til TV-kanalen Channel 7 i august.

Då sa ho òg at ho sluttar seg til Human Vaccines Project.

Det kan bli eit gjennombrot

Ho er entusiastisk på vegner av heile kloden. Med nøkkelen til immunsystemet trur prosjektleiinga dei kan gjere heilt ekstraordinære gjennombrot for behandlinga av kreft, diabetes og alzheimer.

Ei sprøyte til alt

Det mest interessante er likevel moglegheitene dei ser for vaksinar, for dei kan blir effektive for absolutt alle viss prosjektet lykkast. Kongstanken er å kunne setje éi sprøyte og få livsvarig vern, kanskje éin dose mot fleire sjukdommar samtidig.

– Du vil med andre ord kunne få éin vaksine ved fødselen som kan dekkje alle influensavaksinane du elles hadde tatt resten av livet. Kan du tenkje deg kva det vil innebere for barn og familiar at dei ikkje treng å komme tilbake for å få påfyll av alle moglege vaksinar? spør Bishop.

Norske miljø

Fagdirektør Ingeborg S. Aaberge ved avdelinga for smittevern, miljø og helse ved Folkehelseinstituttet kjenner til prosjektet.

– Human Vaccine Project er eit spennande og stort prosjekt. Prosjektet kan gi viktig kunnskap om immunsystemet til mennesket og kva som er viktig for vernet mot ulike infeksjonar, seier Aaberge til NTB.

Sluttar seg til prosjektet

Det er stadig fleire internasjonale samarbeidspartnarar som sluttar seg til prosjektet, både forskingsmiljø og organisasjonar og legemiddelindustrien.

Norske forskarar vil bidra til prosjektet

– Det er fleire norske miljø som forskar på influensavaksine som vil vurdere om dei saman kan bidra i dette forskingssamarbeidet, seier Aaberge.

Styresmaktene i Noreg tilrår i dag at visse utsette grupper vaksinerer seg mot influensa kvart år. I tillegg tilrår dei at barn blir vaksinerte mot tolv sjukdommar gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.

Fungerer mot fleire sjukdommar

Nokre av vaksinane fungerer mot fleire sjukdommar samtidig, mellom anna MMR-vaksinen, som gir vern mot meslingar, kusma og raude hundar, pluss tuberkulose for spesielt utsette.

Mange dosar gjennom livet

Til saman får norske barn minst 16 dosar frå dei er seks veker til dei er 16 år. Deretter må ein del av dei få påfyll kvart tiande år. I tillegg kjem vaksinar som ein må ta mot andre sjukdommar viss ein skal til utlandet.

Arbeider med stordata

Forskarane i Human Vaccine Project arbeider no ved seks institusjonar i USA og Australia for å løyse gåtene rundt det menneskelege immunforsvaret.

Det prøver dei å få til ved hjelp av kunstig intelligens, og dei kan byggje vidare på arbeidet som tidlegare er gjort i Human Genome Project (HGP).

Målet har vore å kartleggje DNA-et

Der har målet vore å kartleggje alle arveeigenskapane til mennesket, DNA-et.

– No kan vi bruke kunstig intelligens og stordata på ein måte som gjer det mogleg for oss å dekode immunsystemet, seier Bishop, som er styremedlem i Human Vaccine Project på vegner av Telethon Kids Institute i Perth i Australia.

Det tar lang tid

Arbeidet har allereie vore i gang i tre år. Kvifor responderer nokon kreftpasientar på immunterapi og andre ikkje? Kvifor har ein vaksine betre effekt på enkelte befolkningar enn på andre?

Kvifor er nokre menneske tilsynelatande fødde med betre vern mot ikkje-smittsame sjukdommar – som kreft – enn andre?

Kvifor blir somme kjempesjuke når virus og bakteriar er i omløp, medan andre blir verande friske?

Kan ha ein modell klar om fem år

Målet er å ha dei første modellane av immunsystemet klare på fem år. Men Bishop vil ikkje setje nokon tidsfrist på ein revolusjonerande samlevaksine.

Det kan ta lengre tid.

Visjonar

Visjonen er likevel klar. Den er å skape ei verd der immunterapi fungerer for alle kreftpasientar, uansett krefttype, og der vaksinane er effektive for alle, uansett etnisitet, og varer livet ut.

Dessutan skal det bli mogleg å førebyggje alzheimer og å unngå influensapandemiar og liknande truslar.

DNA-byggjesteinar

Prosjektet er forma over same leisten som Human Genome Project, som tok over 13 år. Kartlegginga av nesten heile arvestoffet til mennesket – det menneskelege genomet – revolusjonerte vitskapen, også i andre fagdisiplinar enn medisin.

Til saman er informasjon om over tre milliardar  DNA-byggjesteinar gjort tilgjengeleg.

DNA-vaksinar

I dette arbeidet var norske forskarar med på å kartleggje fire millionar DNA-byggjesteinar i to område av kromosom 16.

Denne kunnskapen, genomikken, opnar for å utvikle genbaserte vaksinar – også kalla DNA-vaksinar.

– Det er ganske spennande saker dette her, seier Bishop, som har 21 års fartstid som folkevalt i parlamentet i Australia.