Viss du handlar, går på kino eller tar bussen og betaler med kort frå DNB, kan opplysningane hamne i ein anonymisert statistikk. Denne statistikken ønskjer DNB å selje vidare.

Thomas Brun / NTB scanpix

DNB vil selje data om kortbruken til kundane

ØkonomiStorbanken DNB vil tene pengar på å selje statistikk om korleis kundane deira bruker betalingskorta sine, til offentlege og private aktørar. Det melder NRK.

  • © NTB
  • Publisert:

Enorme mengder informasjon om transaksjonane til kundane, kva kort og betalingsløysingar dei bruker, og opplysningar om geografi, kjønn og alder skal leggjast inn i den anonymiserte statistikken.

Fakta om personvern

  • Personvern handlar om retten til privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar.
  • Alle menneske har ein ukrenkjeleg eigenverdi.
  • Som einskildmenneske har du derfor rett på ein privatsfære som du kontrollerer sjølv, der du kan handle fritt utan tvang eller innblanding frå staten eller andre menneske.

Anonymisering vil seie å fjerne personlege kjenneteikn som namn, personnummer og postadresse slik at det ikkje er mogleg å spore dataa tilbake til enkeltpersonar.

Samlar informasjonen

Even Westerveld er informasjonsdirektør i DNB. Han seier DNB vil samle informasjonen om bruken av kort.

– Viss folk bruker korta sine, får banken data om transaksjonane. Så samlar vi all denne informasjonen og anonymiserer han, seier Westerveld til NRK.

– Informasjonen vi bruker vidare, kan ikkje sporast tilbake til deg som kunde, understrekar han.

Kartlegg handlemønster

DNB seier at banken vil lage statistikk som kan delast og seljast til både offentlege og private aktørar.

Han seier at dataa kan brukast til byplanlegging, kartlegging av kollektivtrafikk og handlemønster. Informasjonsdirektøren understrekar at banken ikkje skal selje data om enkeltkundar. DNB-kundane skal òg kunne reservere seg mot å vere med i statistikken.

Mange opplysningar

Grunnlaget for statistikken er dette:

  • Transaksjonsopplysningane til kundane – til dømes kvar du handlar, når du handlar, og storleiken på beløpet
  • Produktopplysningar – til dømes kva slags kredittkort, bankkort eller anna betalingsløysing du bruker
  • Demografiske opplysningar – til dømes alder, kjønn og geografi
  • I nokre tilfelle blir opplysningane kopla opp mot offentlege register.
Storbanken DNB vil tene pengar på å selje anonymisert statistikk om kjøpevanane dine.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Datatilsynet er på banen

Seniorrådgivar Jan Henrik Nielsen i Datatilsynet seier til NRK at transaksjonsopplysningar er noko mange opplever som privat. Derfor er det svært viktig at omsynet til personvernet blir godt tatt vare på, og at banken sørgjer for at anonymiseringa er god.

Må vere anonymt

Fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet seier at det er svært viktig at det ikkje er mogleg å finne identiteten til brukarane. Då er det òg viktig kva nivå statistikken kan brytast ned på, det vil seie kor nært ein kan komme ein enkeltperson, til dømes ved å sjå kvar vedkommande bur.

Informasjonsdirektøren i DNB seier at det førebels er uvisst kor små einingar dei vil bryte ned statistikken på. Dei veit enno ikkje om det skal gå an å sortere på byar, bydelar eller postnummer.