Flyktningane i Moria-leiren på Lesvos prøver å halde seg sjølve og omgivnadene så reine som mogleg. Men skal dei dusje, må dei stå ein time eller meir i kø.

Ann Fredriksen / NTB scanpix

Det er forferdelege forhold i flyktningleirane i Hellas

PolitikkForholda for flyktningane er no verre enn nokon gong i den overfylte Moria-leiren på Lesvos. Gummibåtane frå Tyrkia held fram å komme, og hjelpearbeidarar slår alarm igjen.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Samtidig truar presidenten i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan, med å «opne portane» til Europa for flyktningar frå Syria viss ikkje EU hjelper til med å innføre ei buffersone i Syria.

Fakta om asylsøkarar i Hellas

  • Tyrkia er heim for over 3,6 millionar krigsflyktningar frå Syria.
  • Over 1,15 millionar flyktningar har komme til Hellas sidan 2015, dei aller fleste har komme sjøvegen frå Tyrkia.
  • Tyrkia inngjekk i 2016 ein avtale med EU, som lova milliardstøtte dersom dei tyrkiske styresmaktene hindra flyktningane i leggje ut på Egearhavet.
  • Nærare 29.000 flyktningar har likevel komme sjøvegen til Hellas i år, ifølgje Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).
  • Dei fleste flyktningane kjem til øya Lesvos, men mange kjem òg via Evros på fastlandet eller til Samos eller andre greske øyar.
  • Overslaga tyder på at talet på asylsøkarar i dei overfylte greske transittleirane kjem til å passere 90.000 innan utgangen av året.
  • Styresmaktene i Hellas registrerte i fjor 67.000 asylsøknader, men innrømmer at dei berre har kapasitet til å behandle 20.000 i året.

Kjelde: IOM, UNHCR

Tyrkia «har ikkje fått den nødvendige støtta frå verdssamfunnet, særleg ikkje frå Europa,» i arbeidet med å lette den syriske flyktningbyrda. Det meiner Erdogan.

Det har vorte smekkfullt

Den norske psykologen Katrin Glatz Brubakk i hjelpeorganisasjonen Leger Uten Grenser (MSF) seier at forholda var litt betre før det vart så smekkfullt.

– Då hadde i alle fall folk tak over hovudet og slapp å sove på bakken bak doen, seier ho.

Leiren husar tre gonger så mange som han er berekna for. Nyleg passerte talet 10.000, noko som fekk den greske regjeringa til å evakuere 1.400 menneske til leirar på fastlandet.

Sjukare enn før

Ifølgje Brubakk er situasjonen like kaotisk no som då ho var her første gongen i 2015. Den gongen kom fleire hundre tusen flyktningar til dei greske øyane på nokre få månader. Den store forskjellen frå dei seks gongane ho har vore i Hellas før, er at pasientane no er mykje sjukare.

– Dei har vore her så lenge at dei ikkje lenger har noko håp. Dei som før så vidt heldt seg flytande, er alvorleg sjuke no. Forholda dei lever under, gjer dei sjukare, seier Brubakk.

Mange er mykje dårlege

I dag har dei fire psykologane til Leger Uten Grenser berre kapasitet til å behandle svært sjuke pasientar. Blant dei som får nei, er mange så dårlege at dei i alle andre europeiske land hadde fått hjelp med ein gong, ifølgje Brubakk.

– Her blir menneskerettane brotne kvar einaste dag, seier ho.

Sjølvskading

Av barna kjem ein firedel til behandling på grunn av sjølvskading.

– Somme av dei er svært små, heilt nede i toårsalderen. Dei er fortvilte og redde og veit ikkje korleis dei skal regulere uroa dei føler. Dei bit seg sjølv, riv ut håret, slår hovudet i veggen og hoppar ut for å skade seg, seier Brubakk. Til dagleg underviser hun i barne- og ungdomspsykologi ved NTNU i Trondheim

Byrja å snakke igjen

Men det er òg små lyspunkt, slik som då ei åtte år gammal jente frå Afghanistan byrja å snakke igjen. Jenta hadde vorte mykje betre av skadane ho hadde fått av ei bilbombe i heimlandet, men vart retraumatisert og dårlegare igjen etter at ho kom til Moria.

– Då ho kom hit til meg, hadde ho ikkje snakka på fem månader. Ho var redd for absolutt alt. Etter eit par terapitimar får eg dette vesle smilet. Ho byrjar å kviskre nokre små ord. Dei augneblinkane er verde alt, seier Brubakk.

Desse båtflyktningane kom til Hellas i 2015. Framleis kjem det flyktningar til den greske øya Lesvos. Forholda i flyktningleirane er forferdelege. Foto: Reuters.

Ventetid

Det kan gå månader og år før asylsøkarane i Moria-leiren får avgjort kva som skal skje med dei. Det tar no 16 månader før flyktningane kan rekne med å få det første asylintervjuet sitt.

Inntil nyleg hadde den greske regjeringa fleire legar, sjukepleiarar og tolkar i leiren. Dei skulle kartleggje dei mest sårbare. Men 19. august gjekk kontraktane ut utan fornying. I dag har styresmaktene berre éin lege til stades, men ingen tolkar, noko som gjer kartlegginga umogleg.

Burde ha vore unntakstilstand

Brubakk meiner at den humanitære nøda i Moria-leiren er så stor at det burde erklærast unntakstilstand.

– Hadde dei levd under dei same forholda etter eit jordskjelv eller ein tsunami, hadde dei vorte evakuerte umiddelbart, seier ho.