Det samla seg mange demonstrantar utanfor rettssalen under saka mot legemiddelfirma i august.

Foto: Charles Krupa / AP / NTB scanpix

Amerikansk legemiddelfirma får milliardbot

HelseDet amerikanske legemiddelselskapet Johnson & Johnson er dømt til å betale over 5,1 milliardar kroner i bot for å ha bidratt til at mange tusen menneske i USA har døydd eller vorte avhengige av sterke, smertestillande middel.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Johnson & Johnson er eit amerikansk multinasjonalt selskap som utviklar medisinsk utstyr og legemiddel.

Dei er eitt av selskapa som har produsert dei sterke smertestillande pillene som har skapt ei avhengnadskrise i USA dei siste åra. Førre veke vart dei dømde for å ha gjort mange menneske avhengige og skapt store lidingar for dei.

I dommen heiter det at Johnson & Johnson og dotterselskapet Janssen skal finansiere ein omsorgsplan for rusavhengige, familiar og lokalsamfunn som har vorte ramma av krisa.

Fakta om opioid

  • Opioid som finst i naturleg form og kan vinnast ut frå opiumsvalmuen, kallar vi opiat.
  • Opioid kan vere både dei naturlege opiata, halvsyntetiske opioid og heilsyntetiske opioid.
  • Morfin er døme på eit naturleg opiat og inneheld dei viktigaste aktive ingrediensane i opiumsplanten. Morfin blir mykje brukt som smertestillande middel i behandlinga av kreftpasientar.
  • Heroin er eit døme på eit halvsyntetisk opioid, nemleg morfin + eit acetylmolekyl.
  • Metadon er eitt av veldig mange heilsyntetiske opioid, det vil seie preparat som er framstilte kjemisk utan innblanding av naturlege opiat.
  • Misbruk og folk som blir avhengige av opiat og opioid har vore eit stort problem gjennom tidene.
  • Opioida er svært avhengnadsskapande og gir sterke abstinensar hos brukarar som sluttar å bruke dei. Abstinenssymptoma kan krevje sjukehusbehandling.

Vil anke

– Den villeiande marknadsføringar til Janssen og Johnson & Johnson av opioid (smertestillande middel) skapte ei avhengnadskrise, sa dommar Balkman måndag.

Johnson & Johnson seier at dei kjem til å anke dommen. Selskapet er det første farmasiselskapet som har vorte stilt for retten som følgje av opioidkrisa i USA.

400.000 menneske er døde

Over 400.000 menneske har måtta bøte med livet etter å ha vorte avhengige av dei smertestillande tablettane sidan 2000. Opioidoverdosar har vorte den verste medisinske krisa i USA. Fleire har døydd av opioid enn i trafikkulykker.

Per 2015 hadde krisa kosta USA 500 milliardar dollar. Mange lokalsamfunn er sterkt ramma, særleg i fattige område som ved fjella i Appalachane.

Går vidare til heroin

Tidlegare var det berre kreftpasientar og døyande som fekk så sterke medikament. Frå 1990-talet har det vore eit ønske om å finne betre smertestillande middel, og opioida vart løysinga etter sterkt press frå farmasigigantane.

Mange av dei som har vorte avhengige av tablettane, har gått vidare til ulovlege stoff som mellom anna heroin.

Sabrina Strong, advokat for Johnson & Johnson og dotterselskapet Janssen seier at dei kjem til å anke dommen.

Foto: AP / NTB scanpix