Ein ny art av sjøanemonar er observert i fleire badeviker i Hordaland. Her er to anemonar med tentaklane sine i midten av bildet. Pass deg for dei. Dei kan gi stygge brennskadar på huda!

Foto: Terje van der Meeren / Havforskingsinstituttet / NTB scanpix

Pass deg for den nyoppdaga sjøanemonen – han kan gi deg brennskadar og sår

HelseBadesesongen er ikkje over. Men i tillegg til å passe deg for brennmaneter, må du no òg sjå etter ein ny type sjøanemone.

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om sjøanemonar

  • Sjøanemonar eller sjøroser er ein orden koralldyr som er utan skjelett.
  • Dei er vanlegvis relativt store, festa til stein og fjell med ein fot. Siden dei har ei mengd fangarmar eller tentaklar, kan dyra sjå ut som fargerike blomar.
  • I alle hav finst det slike dyr.
  • Sjøanemonene lever av å fange smådyr ved hjelp av lammande nesleceller på fangarmane. Dei fører byttedyra til ei munnopning mellom armane.
  • Fleire artar er å sjå på grunt vatn langs norskekysten, ofte i straumharde strok.

 

– Han brenn noko forbaska og flyttar seg raskt langs havbotnen.

Det opplyser ein forskar ved Havforskingsinstituttet.

Fleire har vorte offer for anemonen

Førebels er sjørosa observert i Austevoll i Hordaland. Der har fleire badande vorte offer for den lumske anemonen i det siste.

Andre stader langs kysten?

No lurer Havforskingsinstituttet på om koralldyret òg finst andre stader langs kysten.

Han flyttar på seg

Han skil seg frå andre sjøanemonar ved at han flyttar på seg, og sjølvsagt at han brenn om du tar på han.

Brannskade på arm etter kontakt med en ny art av sjøanemoner som er observert i badeviker ved Bergen.

Reidun Bjelland/Havforskningsinstituttet / NTB scanpix

Vask deg i saltvatn!

Skulle du vere så uheldig å bli brent av svi-anemonen, bør du gjere dette:

– Sviing er best å behandle med sjøvatn eller saltvatn. Ferskvatn gjer vondt verre.