Kva betyr eigentleg Oslomet? I framtida kan statlege institusjonar få forbod mot å bruke uforståelege forkortingar i namna sine.

Foto: Berit Roald/NTB scanpix

Kulturministeren vil i framtida forby namn som Norec, Norad, Nkom og Oslomet

PolitikkI framtida kan Språkrådet få lov til å forby kreative namn på statlege organ. Trine Skei Grande (V) meiner det er udemokratisk om folk ikkje skjønner kva desse organa driv med.

  • © NTB
  • Publisert:

– Det handlar om demokrati, at statlege organ har namn som gjer at borgarane skjønner kva dei held på med, seier kulturminister Trine Skei Grande (V).

Ho lanserte førre veke eit forslag til ei eiga norsk språklov. Lova vidarefører reglane i mållova, men omfattar i tillegg samisk, nasjonale minoritetsspråk, teiknspråk og mykje anna.

Språkrådet skal styrkjast

Fakta om forslaget til språklov

Føremålet med lova er å gi norsk språk lovfesta status og sterkare vern. Det er første gongen Noreg kan få ei eiga språklov.

  • Departementet foreslår at statsorgana skal ha namn som følgjer den offisielle rettsskrivinga
  • Språklova blir supplert med verkemiddel som skal styrkje mindretalsspråket nynorsk
  • Regjeringa jobbar med ei språkmelding, som skal vere klar våren 2020.
  • Dei samiske språka får status som urfolksspråk
  • Kvensk, romani og romanes får status som nasjonale minoritetsspråk
  • Norsk teiknspråk får status som nasjonalt teiknspråk
  • Nynorsk og bokmål blir definerte som ulike skriftspråk, ikkje målformer som i dag.
  • Fylkeskommunen får den same plikta som statsorgana til å svare kommunar og personar på det språket dei sjølve bruker.

– Vi foreslår å styrkje makta til til dømes Språkrådet, slik at dei kan ha den rolla eg meiner dei skal ha som fagorgan. Vi skal ikkje styre stavemåten til private bedrifter, men staten kan vi gjere noko med, seier Grande.

Ho seier at det ikkje berre handlar om amerikanske namn på norske universitet – slik som Oslo Metropolitan University (Oslomet) – men at statlege råd, utval, einingar og direktorat må ha beskrivande namn som gjer at folk skjønner kva dei driv med.

Må beskrive aktiviteten

– Det at namnet faktisk skal beskrive aktiviteten, meiner eg er endå viktigare når det er offentlege pengar og offentlege organ det er snakk om, seier kulturministeren.

Dermed kan Språkrådet i framtida få makt til å setje ned foten for dårlege statlege namn.

Grande er førebudd på debatt

Dei statlege konkurranseutsette føretaka, som til dømes Siva, Vy, Gassnova, Bane Nor og Enova, har ei meir sjølvstendig rolle, men diskusjonen vil nok blomstre opp igjen for desse selskapa òg.

Trine Skei Grande reknar med at det blir debatt om kor stor makt Språkrådet skal ha.

Universiteta må bruke norsk

Parallelt med språklovforslaget er regjeringa i gang med å lage ei eiga språkmelding. Den skal vere klar våren 2020.

Her skal akademia til pers. Kulturministeren fryktar at norsk kan forsvinne som eit levande språk om ikkje universiteta og forskarane lærer seg å bruke norsk når dei snakkar og skriv om faga sine.

Kulturminister Trine Skei Grande vil ha mindre bruk av engelsk. Førre veke var ho til stades under lagpresentasjonen til «Ladies Tour of Norway» i Halden.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Språk kan døy ut

– Ein bruker meir og meir engelsk. Og eit språk som ikkje har eit fagspråk, kan til slutt døy og miste statusen sin, åtvarar Grande.

– Det er somme som skriv for mykje på engelsk, og somme meiner det gir akademisk status å halde forelesingar på engelsk. Vi må sjå vidare på korleis vi skal handheve dei krava som vi har sett. Vi må tvinge fagmiljøa til å ha ein norsk basis òg, seier kulturministeren.

Urfolksspråk og teiknspråk

I framlegget til språklov får dei samiske språka status som urfolksspråk, og kvensk, romanes og romani blir nasjonale minoritetsspråk.

I tillegg er kulturministeren veldig fornøgd med at norsk teiknspråk no får status som nasjonalt teiknspråk.

– Det er noko eg har brukt mykje tid på, det å få teiknspråk til å vere eit nasjonalt språk. Eg trur det sikkert er 15 år sidan første gongen eg dreiv på med dette på Stortinget, seier ho.