Ei jente ber verda dra i nødbremsen og stanse den globale oppvarminga. Ho deltok førre veke i minneseremonien over isbreen Okjökull på fjellet Ok på Island. Okjökull har no smelta bort på grunn av klimaendringane.

AP/Felipe Dana

Islendingar sørgjer over isbreen Okjökull

MiljøIsland har reist eit eige minnesmerke over den første isbreen i landet som har bukka under for klimaendringane. Også i Noreg krympar isbreane urovekkjande. På Glittertinden har isbreen smelta så mykje at Galdhøpiggen no utan tvil er Noregs høgaste fjell.

  • © NTB
  • Publisert:

Islendingane tok eit høgtideleg farvel med isbreen Okjökull på toppen av fjellet Ok førre veke. Der avduka dei ein bronseplakett. Styresmaktene på Island var med på seremonien saman med aktivistar og forskarar.

Fakta om isbrear

  • Isbrear er samlingar av is og hard snø.
  • Breane er den største samlinga av ferskvatn på jorda. Nest etter hava er dei den største samlinga av alt vatn.
  • Dei finst i hovudsak i polarområda. Men alle kontinenta unntatt Australia har isbrear.
  • I Noreg er det om lag 1600 isbrear.
  • Sidan byrjinga av 2000-talet har dei fleste breane i Noreg smelta mykje, hovudsakeleg som resultat av klimaendringane og auka temperaturar.

Det vart lese dikt og halde politiske talar om klimakrisa. Deltakarane heldt òg eitt minutts stille til ære for den tapte isbreen.

Alle breane blir borte

Okjökull er den første islandske isbreen som forsvinn heilt, men geologen Oddur Sigurdsson seier at alle isbreane i landet kjem til å vere borte om 200 år om den globale oppvarminga held fram.

Eit brev til framtida

– I dei neste 200 åra ventar vi at alle isbreane våre går same vegen. Dette minnesmerket er ei erkjenning av at vi veit kva som er i ferd med å skje, og kva som må gjerast, står det på plaketten på minnesmerket. Plaketten har overskrifta «Eit brev til framtida».

Ikkje noko å vere stolte av

– Ved å minnast ein bortsmelta isbre vil vi peike på det som går tapt over heile verda, og dessutan setje søkjelyset på det faktumet at dette er noko som mennesket har «oppnådd», sjølv om det ikkje er noko å vere stolt av, sa forskaren Cymene Howe frå Rice University.

Ho erkjenner at diskusjonen om klimaendringane kan vere  vanskeleg og uforståeleg.

– Kanskje eit minnesmerke for ein bortsmelta isbre er ein betre måte å forstå kva vi står overfor, sa ho.

Dette biletet frå NASA viser korleis isbreen Okjökull på det islandske fjellet Ok har skrumpa inn sida 1986. Foto: NASA via AP

400 isbrear forsvinn

Island mistar no rundt 11 milliardar tonn is i året, og forskarane fryktar at alle dei over 400 isbreane på øya er borte innan 2200, ifølgje Howe og kollegaene hennar ved Rice-universitetet.

Isbreane forsvinn i Noreg òg

Også i Noreg krympar isbreane, og ekspertane meiner at norske gigantar som Jostedalsbreen og Folgefonna kan vere nesten borte om 80 år.

Atle Nesje er breforskar og professor ved Universitet i Bergen. Han seier i eit intervju med Åndalsnes Avis at bresmeltinga skjer i eit urovekkjande tempo over heile verda.

Smeltinga går fort

Smeltinga av isbreane har skjedd i eit kolossalt tempo sidan tusenårsskiftet.

– Det som no skjer i Alpane, i Antarktis og på Grønland, det skjer òg i ei urovekkjande fart i Noreg, seier Nesje.

Dei norske breane trekte seg i gjennomsnitt  tilbake 33 meter i 2018. Det var eit år med mange varmerekordar.

Galdhøpiggen er det høgaste fjellet

Debatten om kva for eit fjell som er det høgaste i Noreg, kan no avsluttast, skriv Aftenposten.

Breen på Glittertinden har nemleg no smelta nesten heilt ned. Det gjer at fjellet, som med bre på toppen har vore høgare enn Galdhøpiggen, no er lågare. Glittertinden ragar no 2464 meter over havet, medan Galdhøpiggen måler 2469.

Berre ei tynn iskappe igjen

I juli 1965 vart Glittertinden målt til å vere 2472 meter høg – med isen.

No er det berre ei tynn iskappe igjen på toppen, skriv Aftenposten.