Philip Manshaus var saman med forsvararen sin, Unni Fries, under fengslingsmøtet i Oslo tingrett førre veke. Philip Manshaus er sikta for terror etter angrepet på Al-Noor Islamic Centre-moskeen i Bærum. Han er òg sikta for drap på stesøstera si.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Den terrorsikta Philip Manshaus ville skremme muslimar

Politikk50 politifolk etterforskar angrepet mot moskeen i Bærum laurdag 10 august. Politiet prøver mellom anna å kartleggje rørslene til den terrorsikta Philip Manshaus på nettet.

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om Philip Manshaus

  • Philip Manshaus (21) er fødd og oppvaksen i Bærum kommune. Han er norsk statsborgar.
  • Han gjekk på Fosen folkehøgskule i Trøndelag og tok vidaregåande ved Oslo By Steinerskole. Før dette gjekk han på vanleg offentleg skule.
  • Manshaus er sikta for drap og terrorhandling.
  • Laurdag 10. august like etter klokka 16 tok han seg inn i moskeen Al-Noor Islamic Centre på Skui i Bærum og byrja å skyte. Ingen vart drepne i angrepet.
  • Same dagen vart den 17 år gamle stesøstera hans, Johanne Zhangjia Ihle-Hansen, funnen død i bustaden på Eiksmarka i Bærum, der dei begge budde. Manshaus er sikta for å ha drepe henne.
  • Den sikta vedgår ikkje straffskuld og nekta i første omgang å forklare seg for politiet.
  • Måndag 12. august vart han varetektsfengsla i fire veker, av dei to veker i full isolasjon.
  • Sikta har gitt uttrykk for høgreekstreme haldningar. Politets tryggingsteneste (PST) fekk tips om 21-åringen for eit år sidan.
  • Fleire personar som gjekk på Fosen folkehøgskule saman med den sikta inntil nyleg, reagerte på haldningane hans og varsla skuleleiinga, ifølgje VG.
  • Både PST og Kripos er involverte i etterforskinga.

Kjelde: NTB

Philip Manshaus (21) er fødd og oppvaksen i Bærum.Laurdag 10. august tok han seg inn i moskeen til Al-Noor Islamic Centre på Skui i Bærum og byrja å skyte.

Ingen i moskeen vart drepne

Det var få menneske i moskeen, og ingen vart drepne i angrepet. To menn i moskeen klarte å overmanne Manshaus. Han hadde fleire våpen på seg og eit kamera festa til hjelmen sin.

Han ville truleg filme angrepet.

Manshaus er no sikta for terrorhandling.

Ville skremme muslimar

Politiet avhøyrde Manshaus i over tre timar laurdag. Då forklarte 21-åringen at han ønskte å skremme muslimar.

Stesøstera vart funnen drepen heime

Den 17 år gamle Johanne Zhangjia Ihle-Hansen Manshaus var stesøstera til Philip Manshaus. Ho vart funnen død i bustaden på Eiksmarka i Bærum, der dei begge budde.

Manshaus er sikta for å ha drepe henne.

50 politifolk jobbar med saka

50 politifolk etterforskar moskéangrepet. Mellom anna vil dei prøve å kartleggje kva Manshaus har gjort på nettet.

Politiet har tatt beslag i harddiskane og datamaskinene til 21-åringen.

Nettet var ei kjelde til informasjon

Pål-Fredrik Hjort Kraby er politiadvokat.

Han meiner det er grunn til å tru at Manshaus henta mykje av kunnskapen sin og haldningane sine frå nettet.

Politiet har to hovudteoriar

Politiet har to hovudteoriar når det gjeld kvifor 21-åringen valde å ta livet av den 17 år gamle stesøstera si, Johanne Zhangjia Ihle-Hansen.

Den eine teorien er at Ihle-Hansen oppdaga kva broren var i ferd med å gjere, og prøvde å stoppe han. Den andre teorien er at drapet er direkte knytt opp mot rase.

Førre veke var det minnestund for den drepne 17-åringen Johanne Zhangjia Ihle-Hansen ved Sandvika vidaregåande skule. Ho var elev ved skulen.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Teoriane er styrkte

Etter avhøyret laurdag meiner politiet at begge desse teoriane er styrkte.

Stesøstera vart adoptert frå Kina då ho var to år gammal.

Politiet jobbar breitt

Politiet går gjennom videoar frå overvakingskamera for å kartleggje kva Manshaus har gjort, og kvar han har vore i tida før drapet og terroraksjonen. Dei ser òg gjennom økonomien og innkjøpa hans for å undersøkje om han kan ha koplingar til andre.

Politiet er rimeleg sikre på at Manshaus handla åleine denne laurdagen, men Kraby seier dei held alle dører opne.

Han forandra seg

Fleire av dei som gjekk på folkehøgskule saman med Philip Manshaus, har fortalt at han forandra seg og vart stadig meir ekstrem gjennom året på skulen.

Viktig fellesskap på nettet

Sjølv om Manshaus kan ha planlagt og gjennomført angrepet åleine, støtta han seg truleg sterkt til ein fellesskap på nettet. Nettaktiviteten tyder på at Manshaus var inspirert av terrorhandlingar i New Zealand og i USA den siste tida.

Mange meiner derfor det blir heilt feil å kalle han ein «einsam ulv».

Mange deltok på diskusjonsforum

I timane etter moskéangrepet deltok 26 personar på eit høgreekstremt diskusjonsforum. Dei oppgav at dei var norske.

Somme av dei sa dei var skuffa over utfallet av angrepet. Det viser ei kartlegging som Aftenposten har gjort av ein tråd på eitt av diskusjonsforuma den terrormistenkte deltok i.

Mohamed Rafiq (t.v.) var den store helten då han klarte å overmanne Philip Manshaus då han tok seg inn i moskeen med skytevåpen. Mohamed Iqbal hjelpte til med å halde kontroll på gjerningsmannen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Muslimar ønskjer å støtte familien

Syed Muhammad Ashraf er imam ved den terrorramma moskeen Al-Noor Islamic Centre i Bærum. Han seier til NRK at dei ønskjer å hjelpe familien til Manshaus.

Han seier at dette var eit angrep på det muslimske samfunnet. Men han påpeikar òg at ei uskuldig jente, Manshaus’ stesøster, vart drepen.

Familien til Manshaus har tatt avstand frå hendinga. Dei ønskjer òg å byggje bruer mellom menneske og understrekar at gjensidig respekt er viktig.