Krisa i Venezuela får altfor lita merksemd, meiner Flyktninghjelpen. Her er det ei gruppe venezuelanarar som flyktar ulovleg over til nabolandet Columbia på flukt frå nøda i heimlandet.

Foto: Fernando Vergara/AP/NTB scanpix

Dei gløymde krisene

PolitikkFlyktninghjelpen har nettopp lansert den årlege oversikta si over gløymde kriser rundt om i verda. Millionar av menneske i nød må klare seg sjølve. Hjelpeorganisasjonen meiner verdssamfunnet søv i timen.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Øvst på lista over dei gløymde krisene er det flest afrikanske land. I år er det Kamerun som får den tvilsame æra av å toppe lista. Men også land som Venezeuela, Palestina og Ukraina er med på den uhyggelege ti-på-topp-lista

Kamerun på toppen

Fakta om gløymde kriser

Dette er landa med dei mest neglisjerte flyktningkrisene:

  • Kamerun
  • Kongo
  • Den sentralafrikanske republikken
  • Burundi
  • Ukraina
  • Venezuela
  • Mali
  • Libya
  • Etiopia
  • Palestina

* Lista er basert på desse kriteria: Mangel på politisk vilje til å løyse problema, mangel på mediemerksemd og mangel på økonomisk støtte.

(Kjelde: Flyktninghjelpen)

I Kamerun har konflikten i dei marginaliserte engelsktalande delane av landet drive over ein halv million menneske på flukt, ifølgje Flyktninghjelpen.

Konflikten starta i 2016 med demonstrasjonar som vart hardt slått ned på av tryggingsstyrkane i landet.

800.000 barn får ikkje skulegang

I dag treng 1,3 millionar menneske i Kamerun nødhjelp, medan tusenvis gøymer seg i bushen utan noka form for hjelp. Både landsbyar og sjukehus har vorte angripne, medan nærare 800.000 barn har falle ut av skulen.

Vi søv i timen

– Det verkar som det internasjonale samfunnet søv i timen. Brutale drap, brenning av landsbyar og massejaging av folk, har vorte møtt med øyredøyvande stille, seier generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen.

Krisa får ikkje merksemd

Han viser til at krisa har fått minimalt med merksemd i media, og at det har komme lite støtte til nødhjelpsarbeidet. Det har heller ikkje vore solide forsøk på å få i stand forhandlingar og lite press på partane om å stanse angrepa på sivilbefolkninga.

Hakk i hæl på Kamerun følgjer Kongo og Den sentralafrikanske republikken. Også i desse landa er det lite merksemd rundt krisene, noko som har gjort sitt til det manglande nødhjelpsarbeidet.

Det internasjonale samfunnet har gløymt krisa i Kamerun. Minette (38) måtte flykte med dottera Fevour (2) etter at landsbyen deira vart brent ned. Det er lite eller inga hjelp å få for flyktningane

Foto: Flyktninghjelpen / NTB scanpix