Verdshelseorganisasjonen har vedtatt spelavhengnad som ein eigen diagnose. Men desse amerikanske elevane bruker spelkonkurranser i skulesamanheng

Illustrasjonsfoto: Stephen Pingry/AP/NTB scanpix

Dataspelavhengig er ein offisiell diagnose

HelseVerdshelseorganisasjonen (WHO) har bestemt at det å vere avhengig av dataspel skal vere ein offisiell diagnose. – Diagnosen må brukast med varsemd, seier Medietilsynet.

  • © NTB
  • Publisert:

Verdshelseorganisasjonen la sommaren 2018 fram eit forslag om å gjere speleavhengnad til ein offisiell diagnose.

Forslaget vart godkjent

No har dei 194 medlemslanda i WHO vedtatt forslaget.

Fakta om dataspel

  • Dataspel er ein naturleg del av mediekvardagen for mange – både unge og vaksne.
  • Datapela gir underhaldning, sosiale evner og kunnskap og utviklar vennskap.
  • For somme blir spelinga ein aktivitet som overskygger alt anna.
  • Negative konsekvensar kan vere konfliktar i familien, tap av skulegang og sosialt nettverk.
  • Forskinga viser at det er ei overvekt av gutar som utviklar dette problemet.
  • Talet på jenter som speler dataspel, har auka dei siste åra.

Kjelde: spillavhengighet.no

Ifølgje diagnosen mistar ein speleavhengig kontrollen over og prioriterer spelinga framfor andre ting over tid og held fram med å spele sjølv om det får negative konsekvensar.

Kan gi betre behandling

Direktør Mari Velsand i Medietilsynet trur WHO-vedtaket kan gi barn og unge eit betre behandlingstilbod.

Unge må ikkje stigmatiserast

Ho åtvarar samtidig mot å stigmatisere barn og unge som speler dataspel på fritida. Det å stigmatisere betyr å stemple nokon med negative eigenskapar og å ha fordommar mot dei eller mot det dei driv med.

Speling er ikkje det same som å vere avhengig

– Sjølv om ein del barn og unge speler mykje dataspel i periodar, betyr ikkje det at dei er avhengige. Denne diagnosen må brukast med varsemd, seier Velsand.

Flest gutar speler

Tal frå Medietilsynet viser at 63 prosent av jentene og 96 prosent av gutane i alderen 9 til 18 år speler dataspel.

WHO-diagnosen skal takast i bruk frå 1. januar 2022.

Nettspelmarknaden er verd milliardar av kroner. Mange opplever å bli hekta. No har spelavhengnad vorte ein offisiell diagnose.

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / Scanpix