Stortingsrepresentant Une Bastholm frå Miljøpartiet Dei Grøne er ein av dei få politikarane som støttar klimakravet til skuleelevane. Her er ho på talarstolen under debatten om dette i Stortinget førre veke.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Berre SV, MDG og Raudt i Stortinget støttar klimastreikarane

MiljøStortingsfleirtalet vender tommelen ned for krava frå klimastreikande ungdommar. Berre SV, MDG og Raudt støttar dei radikale krava. No varslar skuleungdommane ny nasjonal klimastreik 30. august.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

29. mars demonstrerte 40.000 skuleelevar for ein betre klimapolitikk, og 24. mai gjekk endå ein skulestreik for klimaet av stabelen 31 stader i Noreg. Same dagen var det liknande streikar i 118 land verda over.

Den globale protestrørsla er framfor alt inspirert av den svenske aktivisten Greta Thunberg.

Fakta om dei politiske krava til skuleelevane

  • Erklær at vi er i ein krisesituasjon for klima og natur, og følg opp med tiltak for å løyse krisa.
  • Ingen fleire utvinningsløyve til oljeindustrien. Skap nye klimavennlege jobbar i Noreg.
  • Auk det norske klimamålet. Kutt meir enn halvparten av dei norske utsleppa innan 2030 (minst 53 prosent av utsleppa i 1990 innan 2030).
  • Vis solidaritet med barn og unge i det globale sør, som blir ramma av klimaendringane vi er skuld i: Gi meir støtte til finansiering av klimatiltak og klimatilpassing. Støtta må trappast opp til minst 65 milliardar årleg.

Opp i Stortinget

Stortinget tok opp klimaspørsmålet førre veke. Debatten viste at dei fleste partia ikkje vil støtte krava frå skuleungdommane. Unntaket er småpartia Miljøpartiet Dei Grøne, Raudt og SV.

– Vi seier ja til 60 prosent utsleppskutt, nei til nye oljelisensar og ja til 65 milliardar til klimatiltak i utviklingsland. Vi stemmer for å erklære klimakrise, slo MDGs talsperson Une Bastholm fast då Stortinget drøfta fleire forslag frå SV og MDG i slutten av førre veke.

MDG vil òg seie ja til ei styrt utfasing av olje- og gassnæringa, dei vil ha eit nytt, ambisiøst klimaforlik, og dei vil seie nei til ein ny rullebane på Gardermoen, slo Bastholm fast.

Inga støtte frå Elvestuen

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) meiner det ikkje er nokon tvil om at det må gjerast mykje meir for å nå målet om å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader, men han vil likevel ikkje støtte klimakravet til ungdommen.

– Regjeringa må gjere meir av det vi er i gang med. Vi må halde fram med å satse på kollektivtransport, sykling og gåing i dei store byane. Vi må halde fram satsinga på jernbane, som auka med 5 prosent i fjor, sa han.

Reagerer på forslaga frå SV og MDG

Terje Halleland i Frp reagerer på at SV og MDG fremjar forslag som har ein ukjend prislapp.

– Eg reagerer på at etablerte parti vel å kopiere urealistiske krav utan å tenkje gjennom konsekvensane desse forslaga kan få for mellom anna økonomien og arbeidsløysa, seier han.

Skuffa over Stortinget

Tina Razafimandimby Våje (16), som er initiativtakar til skulestreiken i Noreg, er på si side skuffa over Stortinget.

– Partia som ikkje støttar oss i dag, må spørje seg sjølve: Vil dei verkeleg bli hugsa som dei som satsa på kortsiktig profitt framfor framtida til ungdommane? Eller vil dei bli hugsa som dei som vedtok det nødvendige då det framleis var tid?

– Vi veit at krava er ambisiøse og vanskelege å innfri. Men saka er at dei er nødvendige. Når vi sit på Stortinget, er det for seint, seier Våje.

Ny klimastreik før lokalvalet

Spire, KFUK-KFUM, Changemaker, Natur og Ungdom og Skolestreik Norge varslar no ny klimastreik i august. Dei vil seie tydeleg frå om misnøya med politikarane før lokalvalet til hausten.

Leiaren i Changemaker, Embla Regine Mathisen, er klar på at streikerørsla kjem til å halde fram til dei får gjennomslag:

– Vi streikar fordi Noreg framleis ikkje har tatt innover seg det enorme ansvaret vi har for klimakrisa, seier ho.

Greta Thunberg fekk ny pris

Det er ei vanskeleg oppgåve å få politisk gjennomslag for ein tøffare klimapolitikk. Men mange organisasjonar og menneske på sida av det politiske miljøet set pris på ungdomsengasjementet

Førre veke fekk Thunberg og elevprotestrørsla Amnestys samvitspris for kampen sin for menneskerettane.

Greta Thunberg og protestrørsla hennar har no fått Amnesty Internasjonals samvitspris for kampen sin for menneskerettane.

Foto: AP / NTB scanpix

Klimakrise og menneskerettar

– Menneskerettane og klimakrisa går hand i hand. Vi kan ikkje løyse det eine utan å løyse det andre, seier Thunberg, som meiner det er ei stor ære å få prisen.

Amnesty viser til den «unike leiarskapen og motet» ho har vist.

Frå før har Thunberg og rørsla hennar fått Fritt Ords pris, Rachel Carson-prisen og fleire andre utmerkingar. Thunberg er òg nominert til Nobel fredspris.