Tilgang på skulegang er eitt av dei viktigaste kriteria for om ein har ein god barndom. Desse somaliske barna måtte flykte frå heimstadene sine på grunn av hungernød. Dei fekk litt undervisning i ein flyktningleir i Kenya

AP/NTB scanpix

Barn over heile verda har det betre enn for 20 år sidan

SamfunnFleire hundre millionar barn har fått det betre dei siste 20 åra, viser ein rapport frå Redd Barna. Noreg er heilt i toppen. Men vi ligg bak Singapore og Sverige.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Oppvekstforholda for barn har dei siste tjue åra vorte betre og tryggare i 173 av 176 land som Redd Barna har undersøkt. Det viser rapporten Global Childhood Report, som Redd Barna la fram førre veke.

Rapporten ser mellom anna på barns tilgang til helsehjelp, skule og ernæring og dessutan kor utsette dei er for barnearbeid, barneekteskap og krig.

Fakta om barn i verda

Barn i 173 av totalt 176 land har fått det betre. Det betyr at:

  • 4,4 millionar færre barn under fem år døyr kvart år
  • 49 millionar færre er hemma i veksten fordi dei har fått for lite eller feil ernæring
  • 130 millionar fleire barn går på skulen
  • 94 millionar færre barn er barnearbeidarar
  • 11 millionar færre jenter blir tvangsgifta eller giftar seg tidleg
  • 3 millionar færre tenåringar får barn per år
  • 12 000 færre barn blir drepne kvart år

Kjelde: Redd Barna

Noreg på tredjeplass

Noreg deler tredjeplassen med Finland og Slovenia. Landa på topplassane, Singapore og Sverige, scorar betre enn Noreg fordi dei har færre barn som fell frå i skulen, og færre tenåringsgraviditetar.

Nedst på lista ligg Den sentralafrikanske republikken, Niger, Tsjad, Mali, Sør-Sudan og Somalia. Dei einaste landa der barna har fått det verre dei siste 20 åra, er Syria, Venezuela og Trinidad og Tobago.

Dei dårlegaste har størst framgang

Redd Barna peikar på at nokre av landa heilt nedst på lista har hatt den største framgangen. Det gjeld til dømes Niger – som ligg nest sist – som på tjue år har greidd å doble talet på barn som går på skule.

– Noko å feire

– Aldri har så mange barn hatt det så godt som no. Barna er sunnare, og fleire går på skule enn nokon gong før.

Bak framgangen ligg ein formidabel innsats frå styresmakter, frivillige organisasjonar, FN og eldsjeler på alle nivå og i alle land. Det er verkeleg noko å feire, seier generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna.

Mista barndommen

Ifølgje rapporten hadde 970 millionar barn i 2000 mista barndommen på grunn av barneekteskap, tidleg graviditet, manglande skulegang, sjukdom, underernæring eller vald og krig. At talet i 2019 er redusert til 690 millionar, betyr at 280 millionar barn har eit betre liv i dag enn dei ville hatt for berre tjue år sidan.

Krigen øydelegg

Av dei åtte faktorane som øydelegg barndommen, er det berre eitt tal som peikar i feil retning: Talet på barn som er på flukt på grunn av krig og konflikt, har auka med 80 prosent dei siste to tiåra.

Mange barn lir framleis

Sjølv om det har gått framover i dei fleste landa, er det framleis hundretals millionar barn som får barndommen sin øydelagd. Eitt av fire barn har framleis ikkje tilgang til skule, mat eller helsehjelp og ingen til å verne dei mot fare.

Krig er øydeleggjande

– Særleg utsette er barn som lever i område med krig og konflikt, eller som er på flukt frå heimen sin. Vi må halde fram med å jobbe hardt for å sikre at også desse barna får den barndommen dei fortener, seier Lange.

Størst framgang

Dei fire landa som har hatt størst framgang, er Sierra Leone, Rwanda, Etiopia og Niger. Særleg Rwanda peikar seg ut.

Der har livet vorte betre for barn på dei fleste område: Talet på barn som døyr før dei fyller fem, er redusert med 79 prosent, og landet har halvert omfanget av barnearbeid, tenåringsfødslar og drap på barn.

Fleire barn går på skule

Fleire barn går på skule, og færre må gifte seg før dei er 18.

I Niger er talet på barn som døyr før dei har fylt fem år, redusert med 62 prosent. I Sierra Leone er talet på barn som er på flukt, redusert med 99 prosent.