Det var rekordstort oppmøte i Oslo under markeringa av arbeidardagen 1. mai. Over 10.000 gjekk i tog. Her frå Youngstorget midt i sentrum.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Støre refsar arbeidslivspolitikken til regjeringa

PolitikkAp-leiar Jonas Gahr Støre gjekk 1. mai hardt ut mot arbeidslivspolitikken til regjeringa og sa at bruken av leigd arbeidskraft er eit stadig aukande problem.

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om 1. mai

  • 1. mai er den internasjonale arbeidardagen. Dette er ein kampdag der arbeidarklassen kan vise styrke og få fram viktige saker for arbeidsfolk.
  • Arrangert første gong i 1890
  • Fram til første verdskrigen stod kravet om åtte timars arbeidsdag sentralt i demonstrasjonane.
  • Offisiell flaggdag i Noreg frå 1935
  • Offentleg høgtidsdag og lovfesta fridag i Noreg sidan 1947

Toppolitikarar frå fleire parti spreidde seg over heile landet for å tale 1. mai. Tematisk låg dei likevel nær kvarandre – arbeidsliv, innvandring og bompengar var dei sentrale sakene.

Ny rekord i Oslo

I Oslo gjekk 10.600 personar i tog gjennom hovudstaden. Det var ny rekord for oppslutning om 1. mai. Det opplyser LO.

Støre på turné

Støre reiste rundt på ein liten sørlandsturné 1. mai og talte i Kristiansand, Eydehavn, Vennesla og i Siljan i Telemark.

På Ap-landsmøtet førre månad vedtok partiet å innføre forbod mot å leige inn arbeidskraft i utsette område. I talen sin i Vennesla onsdag morgon trekte Støre fram kampen som partiet fører mot leige av arbeidstakarar, og han gjekk hardt ut mot statsminister Erna Solberg (H).

1. mai-tog har lange tradisjonar i Noreg. Her frå Oslo i 1952. «VI KREVER 40-TIMERS UKE» og «INGEN HUSLEIEFORHØYELSE» var blant parolane.

Foto: NTB scanpix

Avgrense bruken av leige

– Då vi fekk med oss KrF i fleirtalet på Stortinget i fjor for å avgrense bruken av leigd arbeidshjelp, sa statsministeren at det var det største nederlaget hennar i fjor. For meg er det ei talande setning at litt betre orden for dei som jobbar i utsette bransjar, var det største nederlaget for regjeringa, sa Støre.

– Det seier noko om ei styring som er feil, og vi forpliktar oss til å gjere noko med det. Vi bør byte regjering i Noreg, sa Ap-leiaren til applaus blant dei frammøtte.

Færre mellombelse stillingar

Statsminister Erna Solberg er naturleg nok ikkje einig i kritikken frå Ap-leiaren. Ho viser til ferske tal frå Arbeidskraftundersøkinga til Statistisk sentralbyrå, som viser at det på eitt år har vorte 10.000 færre tilsette i mellombelse stillingar.

Solberg seier i ein kommentar at vi har den lågaste arbeidsløysa på ti år.

Frp og Raudt

I Drammen hadde Frp og Raudt arrangement samtidig.

Frå Frp stilte mellom andre nestleiar Sylvi Listhaug.

Det er opprør mot bompengar

Ho rasa mot bompengeordninga som partiet sjølv har stemt for i Stortinget.

– Det er bompengeopprør over heile landet. Begeret er, for å seie det rett ut, fullt, sa Listhaug frå talarstolen.

Mange brukte 1. mai til å demonstrere mot det dei meiner er usolidariske bompengar.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Raudt kritiserte Frp

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes kritiserte på si side Frp. Han meiner det er eit parti «for rikfolk flest».