Statsminister Erna Solberg deltok på strandryddedagen ved Kollevågen på Askøy. No har regjeringa bestemt seg for å forby mellom anna plastbestikk.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix.

Regjeringa vil forby eingongsplast i 2020

MiljøRegjeringa vil forby eingongsbestikk i plast, plasttallerkenar, sugerøyr og q-tips. Forbodet skal innførast før sommaren neste år. Fleire butikkar er allereie i gang med å fjerne eingongsprodukt av plast.

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om mikroplast

  • Mikroplast er plastbitar som er mindre enn fem millimeter.
  • Mikroplast blir nytta som tilsetjing i ein del produkt. Mikroplast oppstår òg når plastgjenstandar blir slitne ned, og når plastavfall over tid går i oppløysing og smuldrar opp i mindre bitar i havet.
  • Plast bruker svært lang tid på nedbrytinga, i motsetning til papir og matavfall
  • Kvart år blir det på verdsbasis produsert cirka 300 millionar tonn plast – og produksjonen aukar.
  • Plast utgjer rundt 75 prosent av alt marint avfall.

Kjelde: Miljøstatus.no

Det var under den årlege strandryddedagen laurdag at miljøvernminister Ola Elvestuen (V) kom med nyheita.

Det var tredje året på rad at det vart arrangert strandryddeveke. Aksjonen gjekk av stabelen frå måndag 29. april til søndag 5. mai.

– Desse gjenstandane er det ingen grunn til å ha i plast. Derfor vil vi forby dei, og prøve å få eit forbod mot dei før neste sommar, seier Elvestuen til NRK.

Plastbestikk og sugerøyr skal bort

Det er plastbestikk, tallerkenar i plast, plastsugerøyr, matpinnar i plast, rørepinnar i plast og bomullspinnar med plast (q-tips), som skal forbydast.

– Vi ønskjer å gjere dette så raskt som vi klarer. Så håper vi dette er siste sommaren der det er lov med plastbestikk, seier Elvestuen.

WWF er positive

WWF Verdsnaturfondet er positive til forslaget.

– Det er godt å sjå at regjeringa har late seg inspirere av EU, India og Costa Rica, som alle har lagt ned forbod mot ei rekke eingongsprodukt i plast.

Noreg er blant dei beste i klassen

– Ola Elvestuen og regjeringa posisjonerer igjen Noreg blant dei beste i klassen i arbeidet med å redusere plastforsøpling – også på heimebane, seier generalsekretær Bård Vegar Solhjell i ein kommentar.

Samtidig etterlyser WWF eit tydeleg regelverk for produsentansvar, slik mange politiske parti, miljøorganisasjonar og næringslivsaktørar òg har etterlyst.

Butikkar fjernar plastprodukt

Fleire butikkar erstattar no pakningar med sugerøyr og bestikk i plast med høvesvis papp og nedbrytbart tre. Ifølgje butikkjeda Meny utgjer dette ein plastreduksjon på elleve tonn i året.

– Vi ønskjer ikkje å bidra til at plast flyt rundt på stranda og i parken. Vi tar vår del av ansvaret og fjernar eingongsartiklar i plast på typiske piknik-produkt og erstattar dei med betre alternativ, seier miljøansvarleg Erik Halstensen i Meny.

Alt før neste sommar blir det forbod mot fleire eingongsartiklar i plast i Noreg, viss regjeringa får det som ho vil.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Må ta med søppelet sitt

– Samtidig som vi fjernar plastforsøplings-verstingane, må vi halde fram å oppmuntre kundane til å ta med seg søppelet sitt, og dessutan gi dei informasjon om korleis dei skal kaste avfallet, slik at vi oppnår så høg grad av gjenvinning som råd, seier Halstensen.

Butikkjeda Kiwi har innført liknande tiltak, fortel NRK.

Rema 1000 starta i mars

Rema 1000 opplyser til NTB at dei alt i mars starta arbeidet med å erstatte eingongsplasten med meir berekraftige alternativ.

– Mellom anna erstattar vi i år ti millionar plastsugerøyr med eit alternativ i papp, vi kjem med eit berekraftig alternativ til bestikk og fjernar plasten på eingongstallerkenar. Vi har allereie kutta over 500 tonn plast i butikkane våre og skal kutte 1500 tonn innan 2020, seier samfunnsansvar-sjef Kaia Andresen i Rema 1000 Norge.