Regjeringa fjerna song frå den overordna delen av læreplanane hausten 2017. No vil dei tone ned allsongen i klasseromma endå eit hakk.
Shutterstock / NTB scanpix
Regjeringa vil fjerne song frå norskfaget
PolitikkRegjeringa foreslår å fjerne songen frå det nye norskfaget som skal gjelde frå hausten 2020.
Regjeringa fjerna song frå den overordna delen av læreplanane hausten 2017. No vil dei leggje ytterlegare lokk på allsongen i klasseromma, skriv Framtida.no.
I utkastet til nye læreplanar foreslår regjeringa å fjerne songen frå det nye norskfaget, som skal gjelde frå hausten 2020. Det betyr at det kan bli valfritt for norsklærarane i barneskulen om det skal vere song i klasserommet eller ikkje.
Fakta om song
- Å syngje er vanlegvis den enklaste forma for framføring av musikk.
- Teksten som blir sungen, kan vere poetisk og gå på rim.
- Det er svært mange former for song.
- I «rap» blir teksten framført meir rytmisk.
- Joik er samisk for song. Joik er svært lydmålande. Ein joik er sett saman av korte tekstar eller ingen tekstar i det heile. Ein joik kan vere endelaus.
- I dyreverda snakkar vi om song i form av fulgesong og kvalsong.
Skadeleg for barna
Førsteamanuensis Kari Holdhus ved Høgskulen på Vestlandet meiner at det vil vere til skade for barn og unge å fjerne songen. Det vil svekke det medmenneskelege og fellesskapen i Noreg, meiner ho.
Ho får støtte frå Marit Arnstad (Sp) i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Arnstad fryktar at det då i framtida blir heilt tilfeldig om elevane lærer seg nasjonale fellessongar som «Ja, vi elsker».
Kan forsvinne frå skulen
– Viss songen blir fjerna heilt frå læreplanen i norsk, så fryktar eg at songen forsvinn heilt frå den norske skulen, seier Arnstad.
Statssekretær Julie Midtgarden Remen (H) i Kunnskapsdepartementet understrekar at læreplanen ikkje er meint som ei pensumliste med detaljerte utgreiingar om innhaldet i undervisninga.
Lærarane har ansvaret
– Det er lærarane som har ansvaret for innhaldet og metodane dei bruker i undervisninga. Eg har tillit til at dei gjer dette på ein god måte, seier Remen.
Det er sjølvsagt ikkje slik at songen skal ut av skulen, understrekar ho.
– Med dei nye læreplanane er song framleis ein del av skulen. I tillegg har norsklærarane godt rom for å bruke song som metode. Samtidig har Sp og Arnstad vore opptatt av at det er lærarane som har det faglege ansvaret for metodane og verkemidla som skal brukast i undervisninga, seier Remen.