Tusenvis av norske skoleelevar over heile Noreg streika for klimaet i mars i år. Her held ei gruppe elevar ei markering utanfor Kulturhuset i Stavanger. No på fredag blir det arrangert nye streikar rundt om i landet.

Foto: Jarle Aasland / Stavanger Aftenblad / NTB scanpix

Ny skolestreik for klima fredag – elevar krev politisk handling

MiljøFor om lag to månader sidan streika 1,8 millionar skoleelevar for miljøet verda over. Få dagar etter streika 40.000 ungdommar i heile Noreg. Fredag 24. mai mobiliserer elevar i 114 land på ny til internasjonal streik, og Noreg er med.

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om skolestreiken i Noreg 24. mai

  • Dei streikande skoleelevane i Noreg har desse krava til den norske regjeringa:
  • Erklær at vi er i ein krisesituasjon for klima og natur, og følg opp med tiltak for å løyse krisa.
  • Ingen fleire utvinningsløyve til oljeindustrien. Skap nye klimavennlege jobbar i Noreg
  • Auk det norske klimamålet. Kutt meir enn halvparten av dei norske utsleppa innan 2030 (minst 53 prosent kutt innan 2030 samanlikna med 1990-nivået).
  • Vis solidaritet med barn og unge i det globale sør som blir ramma av klimaendringane vi er skuld i: Gi meir støtte til finansiering av klimatiltak og klimatilpassing. Støtta må trappast opp til minst 65 milliardar årleg.
  • Streiken blir avvikla over store delar av Noreg fredag 24. mars, mellom anna i Oslo, Trondheim, Tromsø, Skien, Stavanger, Haugesund, Hamar, Bergen, Drammen (31. mai) og Kongsberg.

Skolestreikane er inspirerte av den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg (16). Streikane skal avviklast på over 1430 stader i minst 114 land. Også i Norge mobiliserer norske skoleungdommar.

Leiaren i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, er oppglødd.

– Det er eit heilt vanvitig miljøengasjement for tida, og særleg blant unge, seier han.

Lei av dobbeltmoral

Natur og Ungdom har aldri har opplevd eit liknande trykk, fortel Eiterjord.

Sidan nyttår har meir enn 2000 personar meldt seg inn i organisasjonen. Om ein skal jamføre, var det om lag 500 som hadde meldt seg inn på same tid i fjor.

Nye medlemmer strøymer til

Også Naturvernforbundet opplyser at dei har fått 4000 innmeldingar etter nyttår, eit tal som «skil seg veldig frå tidlegare år». Framtiden i våre hender har òg fått 1297 nye innmeldingar etter nyttår, noko som er 75 prosent høgare enn året før.

– Det betyr at veldig mange vil at det skal skje meir for miljøet, seier Eiterjord.

Eit historisk ansvar

Eiterjord meiner at så lenge krava deira ikkje blir følgde opp, er det grunn til å streike.

Både Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har tatt krava frå Natur og Ungdom vidare til Stortinget. Der blir saka behandla i juni.

– Når vi er i ein sånn krisesituasjon, burde partia sjå litt lenger enn det dei har vedtatt i partiprogramma, meiner Eiterjord.

Roald Christian Digre (midten) frå Øren skole i Drammen streika saman med tusenvis av andre under den førre skolestreiken.

Foto: Tom Hansen / NTB scanpix

Vi har eit historisk ansvar

I FNs Parisavtale har 195 land forplikta seg til å kutte ned på co₂-utsleppa for å bremse den globale oppvarminga. I mai varsla FN at 1 million artar er utryddingstrua.

Natur og Ungdom meiner vi har eit historisk ansvar for å ha bidrege til klimaendringane.

Vi har bidratt til å koke kloden

– I 50 år har Noreg produsert vanvitig mykje olje og gass. Vi har tent mykje pengar, men vi har òg bidratt til å koke kloden. Politikarane lèt som at det ikkje er noko problem. Noreg seier at vi er eit føregangsland for klima, men vi er ein del av problemet, seier Eiterjord.

Han kallar det den norske dobbeltmoralen.

Dei unge tar mest ansvar

Eiterjord opplever at det er eit generasjonsskilje når det gjeld synet på klima.

– Det er eit aukande engasjement for miljøet i alle samfunnslag og alle aldrar, men det er mange fleire unge som aksjonerer for klima, enn vaksne. Dei unge tar mest ansvar, seier han.

Mobilisering kan endre politikken

Han har veldig trua på at ei så massiv mobilisering som den dei har gjennomført, og no skal gjennomføre igjen, kan endre politikken.

I den første internasjonale skolestreiken 15. mars deltok hundretusenvis av skuleelevar og andre i over 130 land frå Australia til Uruguay. Sidan har det vore streikar og protestar kvar fredag mange stader.