Ein filippinsk gut ber katten sin til eit senter i hovudstaden Manila, der han skal få vaksine mot rabies.

Foto: Romeo Ranoco / REUTERS / NTB scanpix

Kvinne døydde av rabies i Førde

HelsePasienten som har vore innlagd på sjukehus i Førde på grunn av rabiessmitte, er død, opplyser Helse Førde. Kvinna hadde vorte biten av ein sjuk hund i Asia.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

– Pasienten var innlagd på intensivavdelinga vår og døydde fredeleg med den næraste familien rundt seg, opplyser fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes i Helse Førde.

Fakta om rabies

  • I Noreg har det ikkje vore påvist rabies hos menneske på fastlandet sidan 1815. Det siste tilfellet hos dyr på fastlandet var i 1826.
  • Hundegalskap er ein dødeleg virussjukdom, som går til angrep på nervesystemet. Sjukdommen blir overført via kroppsvæsker, normalt gjennom bit eller spytt.
  • I industrialiserte land er det i hovudsak ville dyr som får sjukdommen, men han kan spreie seg til husdyr og menneske. Det er ikkje rapportert om at rabies smittar mellom menneske.
  • Rabies blir ofte kalla hundegalskap, ettersom menneske som oftast blir smitta av hundar som har sjukdommen.
  • På verdsbasis døyr mellom 50.000 og 70.000 menneske av rabies kvart einaste år.
  • Den som blir biten, må umiddelbart få vaska såret med såpe og få vaksine og medisin så raskt som råd.
  • Utan behandling bryt sjukdommen vanlegvis ut etter tre til tolv veker.
  • Symptoma er smerter eller ubehag rundt bitstaden, feber, hovudpine og at ein kjenner seg sjuk. Deretter følgjer uro og angstanfall, krampeanfall og ofte periodar med utagerande oppførsel.
  • Utan rask behandling er sjukdommen dødeleg.
  • Rabies er ein av dei sjukdommane det går an å vaksinere seg mot både før og etter at ein har vorte smitta.

(Kjelde: Folkehelseinstituttet, Mattilsynet, helsenett.no, WHO)

NRK skriv at det var 24 år gamle Birgitte Kallestad som døydde av rabies. Ho blei smitta av ein kvalp ho hjelpte på Filippinane.

Prøver gav svar

Sjukehuset fekk sist torsdag kjennskap til at kvinna hadde hatt kontakt med ein hund. Prøvesvara viste laurdag at ho var smitta av hundegalskap.

– Pasienten vart biten av ein hund under ein ferietur i Søraust-Asia for to månader sidan og har gradvis vorte dårlegare, heitte det i ei pressemelding frå Helse Førde.

Fleire var i kontakt med hunden

Kvinna døydde måndag kveld.

Fleire andre i reisefølgjet skal òg ha vore i kontakt med hunden. Dei blir følgde opp av Folkehelseinstituttet.

Ikkje rabies i Noreg

Rabies er vanleg over store delar av verda, men i Noreg har sjukdommen ikkje vore påvist hos menneske på fastlandet sidan 1815, ifølgje Folkehelseinstituttet. Norske hundar og kattar har ikkje rabies.

Fastlands-Noreg er rabiesfritt. Det opplyser Folkehelseinstituttet.

Sporadiske tilfelle på Svalbard

Hundegalskap blir sporadisk påvist hos dyr på Svalbard, og i 2011 vart det påvist smitte hos fire fjellrev og nokre få reinsdyr. Det skriv VG.

I mai 2018 vart det påvist rabies på ein fjellrev på Hopen, ei øy som ligg like sør for Svalbard.

Rabies på Svalbard i 2018

Flaggermusrabies – som altså er ein annan type rabies enn den klassiske – vart påvist i Noreg første gong i 2015. Utbreiinga av sjukdommen blant flaggermus er ikkje kartlagd systematisk. Derfor veit ikkje forskarane så mykje om utbreiinga. Det opplyser Veterinærinstituttet.

Ifølgje Veterinærinstituttet er det svært sjeldan at nokon blir bitne av flaggermus. Men det kan skje viss du løftar opp ei flaggermus og held henne. Rådet er å la flaggermusa vere.

I Noreg bør ein passe seg for å bli biten av flaggermus. Her til lands er det dei som kan ha rabiesviruset i seg.

Foto:Heiko Junge / NTB scanpix

Angrip nervesystemet

Hundegalskap – som rabies òg blir kalla – er ein svært alvorleg virussjukdom, som går til angrep på nervesystemet. Sjukdommen smittar frå dyr til menneske.

Det er ikkje rapportert at rabies smittar mellom menneske.

Kan vaksinere seg

Hundegalskap er ein av dei sjukdommane det går an å vaksinere seg mot etter ei mogleg smitte. Ifølgje Folkehelseinstituttet må vaksinasjonen skje per omgåande. Det gjeld òg viss ein har hatt kontakt med litt spytt frå eit sjukt dyr.

Unngå kontakt med dyr

Rådet er å unngå kontakt med framande hundar, kattar og andre pattedyr i område der det finst rabies.