Else Kåss Furuseth fekk laurdag prisen som beste programleiar for serien Else om: selvmord.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Else Kåss Furuseth fekk gullrutepris for å snakke om sjølvmord

HelseElse Kåss Furuseth fekk gullrutepris for programmet «Else om: selvmord» på TVNorge.

  • © NTB
  • Publisert:

Else Kåss Furuseth er standup-komikar, skodespelar og programleiar.

– Det handlar om ein tematikk som kanskje ikkje passar så bra på ein laurdag, men som dessverre er til stades kvar dag, sa Furuseth i takketalen sin i Grieghallen i Bergen laurdag kveld.

Fakta om hjelp mot sjølvmordstankar 

  • Hjelpetelefonen: 116 123 (alltid open)
  • Alarmtelefonen for barn og unge 116 111
  • Røde Kors' hjelpetelefon for ungdom: 800 33 321
  • Helsestasjon for ungdom
  • Helsesøster ved skulen
  • Utekontaktane
  • Ein grei lærar
  • Ein vaksen du stoler på
  • Ein venn

Kjelde: ung.no

Rekk opp handa!

Prisvinnaren bad alle i salen som kjente nokon som har gjort sjølvmord, eller som har prøvd på det, om å rekke opp ei hand.

– Eg håper at all denne praten om openheit kan gjere sitt til at det blir lettare å be om hjelp, sa ho, ifølgje TV 2. Det var TV 2 som sende prisutdelinga.

Mor og bror tok sjølvmord

Furuseth har sjølv opplevd at både mora og broren hennar har gjort sjølvmord.

Ho har tidlegare laga framsyninga «Kondolerer» om historia til familien sin.

Tok til tårene

I fjor inviterte Furuseth nærare 1.000 kjente og ukjente heim til seg på vaflar for å snakke om korleis ein kan førebyggje sjølvmord.

Då komikaren vart intervjua etter prisutdelinga laurdag, tok ho til tårene. Ho var så glad for prisen, og ho takka alle dei som har vore med i programmet hennar.

Utdeling av 18 prisar

Gullruten er ein norsk pris for fjernsynsproduksjonar. Det vart delt ut i alt 18 prisar i kategoriar som beste skodespelar, programleiar, dramaserie, og underhaldningsprogram.