Ungdommar minnest offera for folkemordet i landet for 25 år sidan. Minnemarkeringa viser òg korleis befolkninga har valt forsoning framfor å dyrke hatet mellom dei to folkegruppene i landet

Foto: Jean Bizimana/REUTERS/NTB scanpix

Rwanda minnest folkemordet

Politikk25 år etter folkemordet i Rwanda ber president Paul Kagame om at forsoningsarbeidet held fram, og seier at noko liknande ikkje må få skje igjen. Jakta på dei som stod bak folkemordet, held fram.

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om Rwanda

  • Land i Aust-Afrika mellom Uganda, Tanzania, Burundi og Kongo.
  • Hovudstad: Kigali
  • Styreform: Republikk
  • Lausriven frå kolonimakta Belgia i 1962.
  • Om lag 11 millionar innbyggarar.
  • Landet er blant dei fattigaste i verda.
  • Dei dominerande folkegruppene er hutuar og tutsiar.
  • Vel 800.000 tutsiar og moderate hutuar vart drepne under folkemordet i 1994.

(Kjelder: UNDP, Wikipedia)

Rwanda markerte søndag 25-årsdagen for starten på folkemordet, der 800.000 tutsiar og moderate hutuar vart drepne på nokre få månader.

– Det som skjedde her, skal aldri skje igjen, sa president Kagame under minneseremonien i hovudstaden Kigali.

– Vi ber for at ingen menneske nokon gong skal måtte gå gjennom slike prøvelsar, særleg ikkje våre brør og søstrer i Afrika, sa Kagame.

Han oppmoda vidare dei unge i Rwanda til å ta større ansvar for å sikre ei fredeleg framtid. Tre av fire rwandarar er under tretti år. Over halvparten er fødde etter folkemordet.

Æresgjester

Styresmaktene i Rwanda hadde invitert fleire æresgjester til seremonien søndag. Blant dei var den franske politikaren Hervé Berville, som overlevde folkemordet og kom til Frankrike som foreldrelaus i 1994.

Tutsiar vart slakta ned

Frå 7. april til juli 1994 vart minst 800.000 tutsiar og moderate hutuar slakta ned av hæren og hutumilitsane Interahamwe og Impuzamugambi. Den utløysande årsaka var at den dåverande presidenten i landet, Juvénal Habyarimana, omkom då flyet han var om bord i, vart skote ned 6. april.

Massiv kritikk mot FN

FN og verdssamfunnet fekk massiv kritikk for at dei ikkje sende nok soldatar til Rwanda i tide.

I 1994 var Kagame leiar for tutsihæren Rwandas patriotiske front (FPR). Dei invaderte landet og fekk sett ein stoppar for blodbadet etter 100 dagar.

FPR vart delt i to etter invasjonen: Den militære delen er i dag hæren i Rwanda, medan den politiske avleggaren er regjeringspartiet i landet.

Store problem

Etter folkemordet stod Rwanda overfor store problem. Folkemordet bidrog til at Rwanda vart det fattigaste landet i verda. Heile befolkninga vart ramma av det som hadde skjedd.

Den nye regjeringa forbaud orda hutu og tutsi og bestemte at alle i landet skulle vere rwandarar. Sjølv om landet har klart å få til ei forsoning, er det framleis stor splid mellom folkegruppene.

Norsk kvinne var vitne til folkemordet

Benedicte Giæver var på oppdrag for den rwandiske avdelinga av Røde Kors i 1994. Ho opplevde folkemordet på nært hald. Ho rosar Kagame for fredsprosessen, men er usikker på om alle såra er lækte.

– Kagame seier at det ikkje er to folkeslag, men eitt rwandisk folk. Spørsmålet er om ein har klart å opne såra på den rette måten, slik at dei blir lækte for framtida, seier Giæver til NRK.no.

Aline Uwase overlevde folkemordet. Her besøker ho minnesenteret for folkemordoffera i Kigali. Her ligg mellom anna hovudskallar etter menneske som vart drepne.

Foto: Jean Bizimana/REUTERS/NTB scanpix

Jaktar framleis på massemordarar

Sjølv om det har gått eit kvart hundreår sidan massedrapa, held jakta på dei som stod bak folkemordet, fram.

Ein internasjonal operasjon med base i Kigiali jobbar med å spore opp dei verste drapsmennene .

Etterforskarar frå heile verda

Hit kjem etterforskarar frå alle verdshjørne for å snakke med vitne og samle bevis. Dei får hjelp frå Rwandas eiga etterforskingseining Rwanda’s Genocide Fugitive Tracking Unit (GFTU).

GFTU vart oppretta i 2007 for å spore opp arkitektane bak folkemordet og få dei stilte for retten.

Ein tatt i Noreg

Etter blodbadet rømte mange av drapsmennene frå Rwanda. Mange er framleis på frifot, og GFTU har ferda ut 1.012 internasjonale arrestordrar på mistenkte i 32 land over heile verda.

Ei gruppe norske politifolk frå Kripos var òg nyleg i Kigali i samband med etterforskinga av ein rwandar som kom til Noreg som flyktning i 2006. Den rundt 50 år gamle mannen vart arrestert i fjor.