Søndag kasta ei gruppe katolske prestar Harry Potter-bøker på bålet i Gdansk i Polen. Prestane meiner Harry Potter-bøkene representerer farleg magi.

Illustrasjonsfoto: AP/NTB scanpix

Polske prestar kasta Harry Potter-bøker på bålet

KulturEi gruppe katolske prestar i Polen har brent bøker dei meiner er vanhelgande, blant dei Harry Potter-serien til J.K. Rowling. Det er ikkje første gongen Harry Potter-bøker hamner i flammane.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om Harry Potter-bøkene

  • Harry Potter er ein serie på sju svært populære fantasy-romaner av den britiske forfattaren J.K. Rowling.
  • Bøkene handlar om den foreldrelause trollmanns-guten Harry Potter og kampen hans mot den vonde trollmannen Voldermort, som drap foreldra hans då han var spedbarn.
  • Bokserien følgjer Harry frå han er elleve til han sluttar på skulen, og kvar bok følgjer eit nytt skuleår på Galtvort høgskule for hekseri og trolldom.
  • Bokserien har fått mykje skryt for å gi barn leselyst.
  • Men bøkene har òg fått kritikk frå enkelte kristne miljø. Årsaka er at bøkene skildrar magi og vonde, ikkje-kristne krefter.

Kjelde: Wikipedia.no

Den offentlege bokbrenninga skjedde utanfor ei kyrkje i Gdansk søndag. Dei som stod bak la ut bilde av bokbålet på Facebook saman med bibelsitat frå Det gamle testamentet.

Prestane oppmodar truande kristne til å brenne «avgudsbilde». Mellom anna hamna ei afrikansk tremaske, små elefantfigurar, ei bok frå Twilight-serien og ein Hello Kitty-paraply på bålet, viser bilda.

Katolsk stifting

Det var den katolske stiftinga SMS frå himlen som publiserte bilda på Facebook-sida si. Stiftinga driv mellom anna med misjon via tekstmeldingar.

Bilda har vorte spreidde i sosiale medium og har vekt kraftige reaksjonar. Mellom anna vart det påpeika i kommentarfeltet at bokbrenning var noko dei dreiv med i Nazi-Tyskland før andre verdskrigen.

Band til magi og det okkulte

Ein av prestane i kyrkjelyden som stod bak bokbålet, heiter Jan Kucharski. Han sa til polske medium måndag at dei brann gjenstandar som har «band til magi og det okkulte».

Kucharski seier at kyrkjelydsmedlemmene tok med seg gjenstandar til bokbålet som ein del av vårreingjeringa. Presten er forresten sjølv oppført som eksorsist, ein djevelutdrivar, på nettsida til det katolske bispedømmet i Gdansk.

Vil ikkje kommentere

Bispedømmet vedgår at bokbrenninga fann stad, men ville ikkje kommentere saka overfor nyheitsbyrået AFP måndag.

Tysdag bad likevel grunnleggaren av stiftinga, Rafal Jarosiewicz, om unnskyldning for bokbålet på Facebook-sida til stiftinga. Det skriv nyheitsmagasinet Time.

Bokbål i USA

Bøkene til J.K. Rowling har også før vorte skulda for å stimulere interessa for det okkulte blant dei unge. Okkultisme betyr kunnskap om det overnaturlege. Kristne amerikanarar brann Harry Potter-bøker i 2003. VG skreiv om saka den gongen.

I 2003 brann ei gruppe kristne i USA Harry Potter-bøker. Årsaka var at dei meinte bøkene førte til auka interesse for okkultisme.

Foto: Lauren Befus / AP / NTB scanpix