NHO-sjef Ole Erik Almelid (t.v.) og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen på veg til pressebrifinga etter at meklinga mellom NHO og LO var ferdig hos Riksmeklaren i Oslo måndag denne veka. Forhandlingane gjekk på overtid, men partane vart einige - og dermed vart det heller ikkje streik.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

LO, YS og NHO einige om lønnsoppgjeret

ØkonomiMedlemmene i LO og YS får ein lønnsvekst 2,50 kroner i timen. Dei låglønte får ytterlegare 2 kroner i timen. Det vart klart etter meklinga med NHO på overtid.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om lønnsoppgjera

  • Forkortinga LO står for Landsorganisasjonen i Noreg. Det er den største organisasjonen for arbeidstakarar i Noreg.
  • YS står for Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund. YS er ei partipolitisk uavhengig samanslutning av 13 landsdekkande arbeidstakarorganisasjonar med cirka 219 000 medlemmer (2018). 
  • NHO står for Næringslivets Hovedorganisasjon. Dei representerer arbeidsgivarane og er den største hovudorganisasjonen på arbeidsgivarsida i Noreg. 
  • Med lønnsoppgjer meiner vi at arbeidsgivarar og arbeidstakarar blir einige om ein ny avtale.
  • Avtalen seier mellom anna kor mykje lønn dei tilsette skal ha for arbeidet dei gjer.
  • Eit lønnsoppgjer kan gjelde éin enkelt person, lokalt på ein arbeidsplass, eller det kan vere landsdekkande.

Kjelde: Wikipedia, SNL.

Dermed blir det ikkje streik for 25.000 LO- og YS-medlemmer. Det vart klart etter at det hadde vore mekla nesten 14 timar på overtid.

– Partane er einige om ein lønnsvekst på 3,2 prosent for arbeidstakarar i år, seier riksmeklar Mats Wilhelm Ruland.

Det blir reallønnsvekst i år

Prisstiginga er venta å bli på 2,4 prosent. Det gir ein reallønnsvekst på 0,8 prosent i år.

Reallønnsvekst vil seie det same som lønnsveksten minus den generelle prisstiginga på varer og tenester.

Dei låglønte får eit løft

Alle får 2,50 kroner meir per time, noko som utgjer om lag 5.000 kroner i året. Dei låglønte får endå 2 kroner til i timen, om lag 4.000 kroner ekstra på årsbasis.

Alle tillegga gjeld frå 1. april 2019.

Låglønnstillegg og lønnsvekst

Forhandlingane har i hovudsak dreidd seg om to ting: generelt lønnstillegg og eit eige tillegg for låglønte.

– Dette er eit svært godt oppgjer for medlemmene våre. Vi har sikra arbeidstakarane auka kjøpekraft og eit ekstra lønnstillegg til dei lågast lønte. Oppgjeret bidrar til utjamning og har klar likelønnsprofil, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.

Det beste resultatet på mange år

Han meiner dette er det beste resultatet på mange år. Leiaren i YS Privat, Vegard Einan, er fornøgd, han òg.

– Vi har fått gjennomslag for hovudkravet vårt om reallønnsauke for medlemmene våre, samtidig som vi har tatt omsyn til den konkurranseutsette industrien, seier Einan.

Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland (midten), NHO-sjef Ole Erik Almelid (t.v.) og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen kunne måndag fortelje at NHO, LO og YS hadde vorte einige i meklinga.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Letta

NHO-sjef Ole Erik Almlid er letta over at det ikkje vart streik.

– Begge partar har måtta gi for å bli einige. Utgangspunktet før meklinga var svært vanskeleg. For oss var det avgjerande å sikre konkurransekrafta til norske bedrifter, og det har vi klart i oppgjeret i år, seier Almlid.

Det er uvisse rundt dei lokale tillegga

NHO opplyser at det er den samla veksten i kostnadene som avgjer om det blir rom for lokale tillegg.

Meklinga mellom LO, YS og NHO byrja laurdag klokka 12. Partane forhandla på overtid då fristen gjekk ut ved midnatt natt til måndag. Først klokka 13.30 måndag var dei ferdige.

Arbeidstakarane og arbeidsgivarane i privat sektor har vorte einige i kvart einaste mellomoppgjer heilt sidan andre verdskrigen.