Talet på hobjørnar har auka i Noreg. Det er godt nytt for reproduksjonen av bjørnar. Her er det brunbjørn med tre ungar i Finland.

Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Fleire bjørnar i Noreg

MiljøEtter mange år med nedgang i talet på bjørn i Noreg vart det i fjor registrert 10 prosent fleire bjørnar enn året før. Talet på hobjørnar aukar mest.

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om bjørnen

  • Bjørnen er det største og sterkaste rovdyret i Europa. Han kan bli opptil 2,3 meter lang og ha ei skulderhøgde på opptil 1,25 meter. Maksimalvekta er cirka 350 kilo. Hoene er i regelen ein god del mindre enn hannane.
  • Bjørnen varierer mykje i storleik og særleg i farge. Han kan vere mørkebrun, gråbrun eller gulbrun, av og til heilt svart. Ungane er gråaktige, som regel med kvite flekker på halsen.
  • Som regel er bjørnen eit fredeleg dyr. For det meste lever det store dyret av bær, røter og urter, insektlarver, maur og honning. Men han et òg ein del smågnagarar.
  • Det hender òg at bjørnen tar sau som er på beite utan tilsyn, og av og til går han til og med laus på storfe og hestar.

I 2018 vart det registrert til saman 138 brunbjørnar her til lands, 63 hobjørnar og 75 hannbjørnar. Det viser ein rapport frå forskingsinstituttet NIBIO Svanhovd og Rovdata.

Den norske bjørnebestanden auka med 13 individ frå 2017, viser rapporten.

Rapporten summerer opp det som er den tiande nasjonale innsamlinga av bjørneprøvar i Noreg.

Det er ei jamn kjønnsfordeling

Jonas Kindberg er leiar i Rovdata, som overvakar bestandsutviklinga hos dei store rovdyra i Noreg: ulv, bjørn, jerv, gaupe og kongeørn.

Kindberg fortel at det har vorte fleire hobjørnar i høve til hannbjørnar sidan overvakinga av brunbjørn starta i 2009.

– Det nærmar seg no ei jamn kjønnsfordeling. Auken i talet på registrerte hobjørnar har skjedd i grenseområda mot nabolanda våre. Hobjørnar er viktig for reproduksjon og vekst i bestanden over tid, forklarer Kindberg.

Du kan òg gå inn på rovdyrdata.no og sjå korleis du melder inn spor etter rovdyr.

Flest bjørnar i grenseområda

Den norske bjørnebestanden held seg mest i grenseområda mot Sverige, Finland og Russland.

Det vart registrert flest bjørnar i Finnmark (49), Hedmark (44) og Trøndelag (32).

Færre bjørnar enn bestandsmålet

Overslaga frå Rovdata viser at det vart fødd åtte bjørnekull i Noreg i 2018. Det var færre enn det nasjonale bestandsmålet på 13 årlege kull. Det var likevel eitt kull meir enn i 2017.