14 prosent av dei spurde i ei fersk undersøking trur at Jesus fysisk stod opp frå dei døde etter at han vart korsfesta. Bildet er frå ei kyrkje i Macarena i Sevilla.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ein av tre trur at Jesus stod opp frå dei døde

KulturVi har nettopp feira påske. Då feirar dei kristne at Jesus stod opp frå dei døde. Ei ny meiningsmåling viser at kvar tredje nordmann trur at Jesus stod opp igjen – på eitt eller anna vis. Men berre 14 prosent trur han stod fysisk opp igjen

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om Jesus Kristus

  • Opphavleg er namnet Jesus ei gresk form av Jeshu'a på arameisk (Gud frelsar). Kristus er gresk for den jødiske tittelen Messias (den salva)
  • Jesus blir rekna som utgangspunktet og den sentrale figuren i kristendommen.
  • Det er liten tvil om at Jesus har levd og er ein historisk person. Dei viktigaste kjeldene til Jesu liv er evangelia, forteljingane om Jesus i Bibelen.
  • Jesus var jøde, og dei som følgde han, var jødiske kvinner og menn.
  • Jesus-rørsla var ei protest- og fornyingsrørsle innanfor jødedommen.
  • Etter at Jesus hadde vorte korsfesta, heldt tilhengarane hans fram med å spreie læra hans.
  • Tilhengarane var overtydde om at Jesus hadde stått opp frå dei døde.
  • Med utgangspunkt i Jesus-rørsla oppstod gradvis ein ny religion, kristendommen

Undersøkinga er utført av Norstat på vegner av Vårt Land.

Spørsmålet som vart stilt var: Trur du på forteljinga om at Jesus stod opp frå dei døde?

Fire svaralternativ

Dei spurde fekk fire svaralternativ. 14 prosent svarte at dei trur Jesus døydde og stod fysisk opp igjen påskemorgonen. 21 prosent svarte at dei trur på forteljinga, men at det ikkje nødvendigvis skjedde på ein fysisk måte.

26 prosent valde alternativet «en fin symbolsk fortelling om livets seier over døden, men ikke så mye mer». Nesten fire av ti, 39 prosent, svarte at dei ikkje trur på oppstoda.

Ikkje overraska

Sivert Skålvoll Urstad, sosiolog ved Universitet i Agder, er ikkje overraska over funna.

– Det er som forventa at såpass mange trur på oppstoda, samtidig som det også er ein god del som oppgir at dei ikkje gjer det, seier Urstad til Vårt Land.

Forskjell på menn og kvinner

Medan 43 prosent av dei spurde mennene ikkje trur på oppstoda, gjeld det same berre for 35 prosent av kvinnene.

– Menn er gjennomgåande meir sekulære enn kvinner, men her er faktisk forskjellen mellom kjønna mindre enn eg hadde trudd. Det gjeld òg mange andre spørsmål knytt til tru og identitet, seier Urstad.

Over 50 år

Størst tru på oppstoda har gruppa over 50 år. I aldersgruppa mellom 18 og 39 år svarer over halvparten at dei ikkje trur på oppstoda i det heile.