Palestinarar med nokre av eigedelane sine etter at huset deira vart øydelagt i eit israelsk bombeangrep mot Gaza by denne veka. Israel angreip kontoret til Hamas-leiar Ismail Haniyeh i Gaza by. Hamas-leiaren var ikkje i bygningen då.

Foto: Mohammed Salem/ REUTERS/NTB scanpix

Nye luft- og rakettangrep mot Gaza og det sørlege Israel

PolitikkIsraelske kampfly har denne veka gått til nye angrep mot mål på Gazastripa. Konflikten mellom israelarar og palestinarar blussar opp berre eit par veker før valet i Israel.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om Gazastripa

  •  Ein 360 kvadratkilometer stor enklave som grensar til Israel, Egypt og Middelhavet.
  • Nærare 2 millionar innbyggarar.
  • Okkupert av Israel i 1967.
  • Israelarane trekte seg ut i 2005, men innførte ein streng blokade etter at Hamas vann valet i dei palestinske områda i 2006.
  • Israel har sidan 2008 gjennomført fleire store militæroffensivar mot enklaven med store humanitære tap og materielle øydeleggingar som resultat.
  • Israel har avgrensa rørslefridommen for folk på Gazastripa sidan byrjinga på 1990-talet.
  • Nærare to millionar palestinarar er dermed innestengde på Gazastripa. Dei blir nekta fri tilgang til resten av dei palestinske områda og omverda.
  • Gaza er eitt av dei mest folketette områda i verda med over 5.000 innbyggarar per kvadratkilometer.
  • Blokaden gjer levevilkåra på Gazastripa svært vanskelege.
  • Arbeidsløysa på Gazastripa er, ifølgje FN, på over 40 prosent og blant unge mellom 20 og 24 år på over 60 prosent.

Kjelder: SNL, Flyktninghjelpen, NTB

Angrepa ramma mål fleire stader i det palestinske området. Eitt av dei var kontoret til Hamas-leiar Ismail Haniyeh i Gaza by. Det opplyste radiostasjonen Hamas driv, måndag kveld.

Leiaren for Hamas var ikkje i bygningen. Han har gått i dekning for å unngå dei israelske angrepa. Dei israelske styrkane skal først ha skote varselskot mot kontoret til Haniyeh, noko dei ofte gjer for å få folk til å evakuere.

Rakettar mot Israel

Israel starta luftangrepa etter at det vart skote rakettar mot Israel frå Gazastripa måndag. Ein rakett trefte eit hus utanfor Tel Aviv måndag morgon. Her vart sju personar såra.

Men også før dette angrepet skal israelske fly og stridsvogner ha vore i aksjon, det vil seie søndag kveld og natt til måndag.

– Kraftfullt svar

Omtrent samtidig som Israel gjekk i gang med nye flyangrep måndag, var Israels statsminister Benjamin Netanyahu i møte med USAs president Donald Trump i Det kvite hus.

Netanyahu korta ned besøket sitt i USA etter rakettangrepet mot Israel, som han meiner er kriminelt.

Ingen har tatt på seg ansvaret for rakettangrepet mot Israel måndag, men Israel skuldar Hamas for å stå bak, og dei sende fleire soldatar mot grensa til Gazastripa.

Angrepa fortset

Israelske kampfly gjennomførte nye angrep mot 15 mål tysdag, opplyser ein talsperson for dei israelske forsvaret. Samtidig heldt rakettangrepa frå Gaza mot det sørlege Israel fram, skriv Jerusalem Post.

Flyalarmen gjekk mellom anna i byen Sderot gjennom natta. Ifølgje Jerusalem Post vart det skote 30 rakettar frå Gaza inn i israelsk luftrom. Somme av dei vart stansa av rakettforsvaret Iron Dome, medan andre landa i ope lende. Verken menneske eller eigedom vart skadd, seier ein lokal talsperson.

Blant bombemåla i Gaza var militære installasjonar som er eigde av Hamas og gruppa Islamsk jihad.

Fryktar storoffensiv

Utover i veka roa situasjonen seg litt etter at Hamas måndag kveld hevda at dei hadde inngått ein våpenkvileavtale med Israel. Israel har ikkje stadfesta at det er tilfelle.

Men trass i våpenkvila var det også natt til onsdag enkelte angrep både mot Gazastripa og Sør-Israel.

Generalsekretæren i Norsk Folkehjelp, Henriette Westhrin, seier at palestinarane på Gazastripa no er livredde for ein ny israelsk storoffensiv.

– Det er unntakstilstand på Gazastripa. Innbyggarane der har sett liva sine på vent, dei slit med å få kvardagen til å henge saman og fryktar det verste, sa Westhrin onsdag. Ho er denne veka er på besøk i dei palestinske områda.

Ei palestinsk jente tørkar ansiktet til broren i Gaza by. Bak dei siste øydeleggingane etter eit israelsk bombeangrep denne veka.

Foto: Mohammed Salem/ REUTERS/NTB scanpix

Nyval i Israel

Uroa på Gazastripa kjem kort tid før det skal haldast val i Israel 9. april. Netanyahu står midt oppe i ein valkamp der han møter uventa sterk motstand. Netanyahu leier i dag den mest høgreorienterte regjeringa Israel har hatt.

Spørsmålet er om han vinn valet. To sentrumskandidatar har slått seg saman før valet for å prøve å fjerne Netanyahu frå makta. Det er uvisst kva dei nye kamphandlingane får å seie for valet.

FN-gransking

FN-granskarar skulda nyleg Israel for moglege krigslovbrot og lovbrot mot menneskja som følgje av maktbruken mot uvæpna sivile på Gazastripa.

Palestinarane på Gazastripa har det siste året kvar veke demonstrert nær grensegjerdet mot Israel, og  granskarane seier at dei israelske soldatane med overlegg har skote mot uvæpna demonstrantar med skarp ammunisjon.

Mange er drepne

Over 190 palestinarar er drepne, blant dei barn, helsearbeidarar og journalistar. Over 6.000 andre er trefte av skarpe skot og såra, mange for livstid.

Seinast fredag førre veke vart to palestinarar skotne og drepne under ein demonstrasjon, og søndag døydde ein 24-åring av skadane han tidlegare hadde fått. Israel avviser rapporten frå FN-granskarane som «absurd» og «løgnaktig».

Luftangrepa mot Gaza heldt fram tysdag, og det vart òg skote rakettar frå den palestinske enklaven mot Israel. Måndag kveld kunne ein sjå dette nedslaget frå kontora til Hamas-leiar Ismail Haniyeh.

Foto: Adel Hana / AP / NTB scanpix