Astrologi er læra om tenkte samband mellom himmellekamane og det som skjer på jorda.

Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB scanpix

No kan du bli astrolog med støtte frå Lånekassen

SamfunnHar du lyst til å lære deg å lese stjernehimmelen og tolke horoskop? Det kan du snart gjere med lån og stipend frå Lånekassen.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Astrologiskolen Herkules har no fått godkjent fagskuleutdanninga si i astrologi etter ein over fem år lang søknadsprosess, skriv Morgenbladet.

Himmellekamane og jorda

Astrologi er ifølgje Wikipedia læra om tenkte samband mellom himmellekamane og det som skjer på jorda, også kalla stjernetyding.

Målet med utdanninga i astrologi er å gi ei «grunnleggende forståelse for horoskoptolkning». Det godkjente grunnkurset startar opp i Oslo i 2020, og skal kunne følgjast opp av ei todelt profesjonsutdanning.

Det oppfyller krava

Nokut – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – er organet som har ansvaret for å vurdere og godkjenne høgare utdanning i Noreg. Nokut stadfestar overfor Morgenbladet at dei har godkjent astrologiutdanninga. Dermed er studiet akkreditert og kvalifiserer til lån og stipend i Lånekassen.

– Studiet oppfyller krava til akkreditering, slik dei er forma ut i lov og forskrift, seier seksjonssjef Helén Sophie Haugen i Nokut til avisa.

Ikkje krav om vitskap

Sjølv om fagskuleutdanningane er definerte som høgare utdanning, har ikkje fagskulane krav om å basere seg på vitskap.

Då Stortinget vedtok den nye fagskulelova i mai i fjor, vart det slått fast at fagskuleutdanninga skulle gi «kompetanse som kan tas i bruk i arbeidslivet uten ytterligere opplæringstiltak». Nokut fekk likevel ikkje innfridd ønsket sitt om skjerpa krav til yrkesrelevans, ifølgje Morgenbladet.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) stadfestar at astrologistudiet kvalifiserer for støtte frå Lånekassen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix