Sjimpansen Julius vart alvorleg sjuk etter at nokon kasta ei flaske med narkotika inn til han i vinterferien. Han beit seg sjølv i armen, slik at han fekk djupe sår. Kristiansand Dyrepark seier at det går bra med den 39 år gamle sjimpansen no.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Mann sikta for å ha forgifta sjimpansen Julius med amfetamin i Dyreparken

SamfunnEin mann har i politiavhøyr tilstått at han i februar forgifta sjimpansen Julius med amfetamin.

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om Julius

  • Julius, fødd 26. desember 1979 i Kristiansand Dyrepark,  er ein landskjent sjimpanse.
  • Etter fødselen avviste mora den vesle sjimpanse-babyen.
  • Mora beit òg av han ein av fingrane. Dyrepassarane henta han ut av sjimpanseflokken for å redde livet hans.
  • Julius vaks opp vekselvis heime hos han som då var direktør for dyreparken, Evdvard Moseid, og hos legen som redda han, William Glad.
  • NRK laga ein barne-tv-serie om Julius, som gjekk på tv i 1981.  Etter dette vart Julius kjendis, og var i mange år den største attraksjonen i dyreparken i Kristiansand.
  • Terje Formoe skreiv ein song om Julius, som vart svært populær.

Politiet sikta mannen førre veke. Han har ikkje forklart kvifor han gjorde det, kva som var motivet.

– Vedkommande vedgjekk forholdet i avhøyr torsdag kveld. Der sa han seg lei for det som hadde skjedd, overfor Dyreparken. Det seier Håkon Storesund, som er fungerande seksjonsleiar hos politiet i Kristiansand.

Kontaktforbod

Den sikta mannen har fått forbod mot å ha kontakt med Dyreparken, og det har han godtatt.

Politiet ser saka som ferdig etterforska og sender henne no over til påtalemakta. Påtalemakta skal vurdere ytterlegare reaksjonar mot mannen, skriv politiet i ei pressemelding.

Skrukork

Dei som jobbar i Dyreparken, vart glade då dei sist fredag fekk vite at den uvanlege saka er oppklart. Den 39 år gamle sjimpansen Julius er den einaste i flokken som veit korleis ein skrur opp korkane på flasker, og det var derfor han som fekk opna dei tre små flaskene som gjerningsmannen kasta inn i buret 21. februar.

Det er uvanleg

Direktøren i Dyreparken, Per Arnstein Aamot, seier at det er uvanleg at folk gjer slikt.

– Vi har eigentleg ikkje fått noka forklaring på det som skjedde, og eg trur eigentleg ikkje vi kjem til å få det heller. Det som er viktig er å seie, er at dette er ein enkeltepisode i den 53 år lange historia vår. Det er òg uvanleg internasjonalt at noko slikt skjer, seier Aamot til NTB.

– Politiet har sagt at samarbeidet med Dyreparken har vore bra, og at tryggingsopplegget vårt er god nok. Vi trur ikkje denne historia kjem til å føre til nokon endringar, seier Aamot vidare.

Sår på handa

Julius vart alvorleg sjuk etter at han drakk av plastflaska. Den kjente sjimpansen gjekk inn i ein psykoseliknande tilstand og beit seg mellom anna hardt i armen. Etter at han hadde fått behandling hos dyrlegen, gjekk det likevel litt betre, og det vart klart at Julius ikkje kom til å døy av skadane.

– Julius har det heldigvis bra. Han har hatt det bra sidan stoffet gjekk ut av kroppen hans. Han har framleis eit stort sår på handa, og det kjem til å ta litt tid før det er borte. Men han har det fint, seier Per Arnstein Aamot.