Fleire får hudsjukdommen skabb. Sjukdommen kjem av ein skabbmidd som grev gangar i huda og legg egg, noko som skaper irritasjon i huda. Her er eit 3D-bilete av ein skabbmidd på menneskehud.

Illustrasjonsfoto: Sebastian Kaulitzki / Shutterstock / NTB scanpix

Legar melder om skabb-epidemi blant unge i Oslo

HelseBåde legar og apotek merkar at mange fleire unge i Oslo-området no blir ramma av hudsjukdommen skabb, skriv Aftenposten. Folkehelseinstituttet rår alle skular til å sjekke elevane for hovudlus denne veka.

  • © NTB
  • Publisert:

Hudlege Xiaotong Li ved Volvat medisinske senter på Majorstuen i Oslo ser at det er meir skabb no enn det bruker å vere.

– Førekomsten er høg no. Det har vorte klart særleg dei siste to–tre månadene, seier Xiaotong Li til Aftenposten

Fakta om skabb

  • Skabb er ein hudsjukdom som kjem av ein skabb-midd som grev gangar i huda og legg egg.
  • Typiske symptom er plutseleg og plagsam kløe, som er mest intens om natta.
  • Tidlegare vart skabb knytt til dårleg hygienisk standard og fattigdom, men det er ingen slike samanhengar i Europa i dag. Skabb finst over heile verda.
  • Skabb ser ut til å opptre i syklusar på 20–30 år. I Noreg har det vore ein stor nedgang i tilfella av skabb sidan slutten av 1970-talet, men sjukdommen ser no ut til å auke igjen.
  • Skabb blir vanlegvis spreidd ved direkte, langvarig hud-mot-hud kontakt med ein person som har skabb.

Kjelde: Folkehelseinstituttet, Lommelegen.

Salet vart dobla

Kvar månad dei siste to åra har salet av behandlingskrem mot skabb vore på 3.658 pakninger i snitt. Det viser tal frå Statens legemiddelverk. Men i januar dobla salet seg til 7.335 pakninger.

Intim hudkontakt

Li seier at det er mest hovudlus blant dei mellom 18 og 25 år. Intim hudkontakt med stadig fleire seksualpartnarar kan vere årsaka.

Hudlege Mari Skylstad Kvernebo ved legesenteret Aleris Strømmen seier at auken har vore så stor at ho er redd for å bli smitta sjølv.

Ikkje lurt å handhelse?

– Det har vore mykje det siste halvåret. Det er mange som tar kontakt som har skabb. Eg har vurdert å slutte å handhelse på folk, seier Kvernebo.

Skabb gir intens kløe og raude utslett på huda. Sjukdommen er svært smittsam og smittar typisk ved hudkontakt, men også via gjenstandar og klede.

Sjekk av hovudlus

I kampen for å redusere førekomsten av hovudlus oppmodar Folkehelseinstituttet alle skular og barnehagar til å arrangere kampanje mot hovudlus no i veke 10.

Skadedyrforskar Bjørn Arne Rukke i Folkehelsa seier det kan hjelpe om alle sjekkar og behandlar seg for lus samtidig.

– Det kan redusere bestanden av hovudlus over tid. Derfor oppmodar vi skulane og barnehagane til å få foreldre og føresette til å gjere lusesjekken helga 8. og 9. mars og starte behandlinga med ein gong viss det blir oppdaga hovudlus. Heile familien bør sjekkast for hovudlus, seier Rukke.

Hovudlus kan vere ei sann plage. Det er lurt å sjekke seg for lus ein gong i månaden.

Foto: Preben Ottesen / Folkehelseinstituttet / NTB scanpix

Snakk om det

Når det blir oppdaga hovudlus, bør foreldra varsle skulen eller barnehagen. Det er òg lurt om foreldra til nære venner av barnet får beskjed. Då kan desse sørgje for at også dei tar lusesjekken.

Jamleg sjekk

Jamleg lusesjekk er det beste middelet for å få bukt med spreiinga av hovudlus. Folkehelseinstituttet tilrår sjekk med lusekam minst éin gong i månaden. Når smitten blir oppdaga tidleg, minskar sjansen for å smitte andre.