Konsernsjef Geir Isaksen (til høgre) og styreleiar Dag Mejdell i NSB framfor eit tog med det nye namnet Vy. Og no skal toga vere grøne!

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Kraftige reaksjonar på at NSB blir til Vy

MiljøNSB samlar tog og buss under det nye namnet Vy. Selskapet skal bruke 280 millionar kroner på endringa. – Galskapen vil ingen ende ta, meiner Ap.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om NSB

  • Noregs Statsbanar AS (NSB), byter namn til Vy.
  • Norsk statseigd aksjeselskap som sidan 1880-åra har drive person- og godstrafikk på jernbane og seinare også persontrafikk med buss.
  • I tillegg til togdrifta har NSB òg vore ansvarleg for utbygging av infrastrukturen, men i 1996 vart drifta og vedlikehaldet skilt ut i eit eige selskap, Jernbaneverket (som i dag heiter Bane Nor).
  • I 2015 selde NSB 72,4 millionar togreiser, 67,1 millionar i Noreg og 5,3 millionar i Sverige.
  • Godstoga til NSB frakta dette året 372 748 konteinerar, medan Nettbuss stod for 109,6 millionar reiser, 75,3 millionar i Noreg og 34,2 millionar i Sverige.

Kjelder: snl.no; wikipedia.no

NSB presenterte det nye namnet på ein pressekonferanse på Oslo Sentralstasjon førre veke.

Namneforslaget skal behandlast på ei ekstraordinær generalforsamling i NSB 22. mars. Ettersom staten er eineeigar i NSB AS, er generalforsamlinga i praksis éin person, nemleg samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp). Han kjem venteleg til å godkjenne det nye namnet.

Vy er eit skandinavisk ord som betyr utsyn, oversyn, utsikt eller perspektiv. Du kan til dømes ha vyar for framtida, noko som betyr at du har ambisjonar eller utsikter, opplyser NSB.

Opplevingar, bilde og utsikter

Konsernsjefen i NSB, Geir Isaksen, seier at det nye namnet uttrykker at NSB vil gi dei reisande opplevingar, bilde og utsikter.

– Vy er eit kort og enkelt namn som viser at vi er på veg inn i noko nytt. Vi har ein lang og stolt tradisjon, som går heilt tilbake til 1883. Den bygger vi vidare på, seier Isaksen.

Styreleiaren i NSB, Dag Mejdell, meiner det er viktig at NSB får eit nytt namn som er samlande for alt det konsernet driv med.

– NSB-konsernet køyrer tog og buss i Noreg og Sverige og eig det største buss-selskapet i Noreg, Nettbuss. No koplar vi tog- og bussverksemda tettare saman, utviklar nye løysingar og gjer det endå enklare å velje ei miljøvennleg reise. Då treng vi ein ny, felles identitet. NSB er ikkje lenger eit dekkande namn på verksemda, seier styreleiar i NSB, Dag Mejdell.

Til NRK seier styreleiaren at endringa kjem til å koste 280 millionar kroner over ein periode på fire år. Han garanterer likevel at det ikkje kjem til å føre til at billettane blir dyrare.

Ap fryktar millionsløsing

Fleire parti er sterkt kritiske til namneendringa. Arbeidarpartiet fryktar millionsløsing på «såkalla merkevarebygging».

– Galskapen vil ingen ende ta, seier Sverre Myrli, som er transportpolitisk talsperson i partiet.

– No skal det sløsast vekk endå fleire millionar på utforming av nye logoar og såkalla merkevarebygging og sikkert endå fleire direktørstillingar. Dette er feil bruk av ressursane, seier han.

SV-leiar Audun Lysbakken hevdar at direktørane i NSB frivillig har gitt frå seg det som er den største fordelen deira, nemleg historia og banda deira til fellesskapet.

– Jernbanereforma regjeringa har gitt oss, betyr fleire direktørar og nye, fjollete namn, seier han.

– Ei komplett avsporing

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum ser namneendringa frå NSB til Vy som ein konsekvens av jernbanereforma til regjeringa.

– Jernbanereforma har ført til fleire direktørar og færre konduktørar, seier han.

Samferdselspolitisk talsmann i Frp Morten Stordalen meiner at namneforslaget er ein ganske dårleg idé. Han ber styret i NSB om å revurdere saka.

– Det er fint med vyar for framtida, men vyane til NSB bør vere å vinne anbod og få fornøgde passasjerar. Namnebytet er ei komplett avsporing, seier han.

Samferdselsminister Jon Georg Dale tar avgjerda om namnebyte «til etterretning» og kjem ikkje til å motsetje seg endringa.

– NSB-namnet har ei lang historie og betyr mykje for mange. At namnet no forsvinn, har eg stor forståing for at kan vekke kjensler, seier samferdselsministeren.

NSB tok i bruk ein ny logo i midten av januar 2005. No er NSB ut. Både fargen og namnet skal skiftast ut, heretter blir det Vy og grønt.

Foto: Vidar Knai / NTB scanpix

Mot Språkrådets tilråding

Språkrådet rådde opphavleg NSB til å ikkje byte namn. Dei meinte det var betre om NSB heldt på forkortinga si som ei rein bokstavforkorting, slik som SJ i Sverige har gjort. Då hadde ikkje NSB vore forkorting for Noregs Statsbanar lenger, NSB hadde vore heile namnet.

Språkdirektør Åse Wetås meiner at staten har eit ansvar for å velje namn som tydeleg viser kva selskapet driv med.

– Det er eit viktig signal til alle offentlege verksemder og offentlege selskap at ein har eit namn som eintydig viser kva selskapet driv med. Ikkje minst av demokratiske grunner er det viktig med eit namn som innbyggarane lett forstår kva står for, understrekar Wetås. Derfor meiner ho at Vy er eit dårleg val.

Fekk ikkje fleirtal

Partiet Raudt foreslo førre veke i Stortinget å stoppe namnebytet i NSB, men fekk ikkje fleirtal for forslaget. Regjeringspartia, Høgre, Frp, Venstre og KrF, stemte saman med Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) mot.