Den kinesiske sekta Austens lyn blir rekna som farleg. Trussamfunnet prøver no kanskje å etablere seg i Noreg. Sekta bruker ofte ein stor raud drake som symbol. Dei meiner draken representerer ei negativ kraft.

Illustrasjonsfoto: Duda Vasilii / Shutterstock / NTB scanpix

Kinesisk sekt med kvinneleg Jesus prøver seg i Skandinavia

KulturDet kinesiske trussamfunnet Austens lyn har prøvd å infiltrere kinesiske trussamfunn i Sverige og kan vere på veg til Noreg.

  • © NTB
  • Publisert:

Mange ser den kinesieks trusretninga som ei sekt eller ein kult.

Pastor Xida Chen i Nordic Christian Church seier til avisa Vårt Land at han er redd Austens lyn prøver å etablere seg i Noreg.

– Austens lyn representerer ikkje berre ein teologisk, men også ein moralsk og sosial fare, seier den kinesiske pastoren.

Prøvde å infiltrere

Ifølgje den svenske avisa Dagen prøver Austens lyn å infiltrere kinesiske trussamfunn i Sverige.

Fakta om trussamfunn og sekter

  • Eit trussamfunn er ei organisert gruppe menneske innanfor ein viss religion.
  • Trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja får offentleg støtte for til saman 622 000 medlemmer.
  • I 2017 var desse fordelte på rundt 800 større og mindre forsamlingar og samfunn.
  • Ei sekt, religiøs gruppe eller eit samfunn er grupper som har brote ut av eit anna religiøst samfunn. Dei har ofte eigne vilkår for medlemskap.
  • Sekter finst i dei fleste religionar.

Kjelde: SSB, Snl.no

– Det er svært sannsynleg at sekta Austens lyn kjem til Noreg. Når dei finst i Sverige, er det allereie nesten som om dei har komme hit, seier Xida.

Xida fortel at rørsla er særleg aktive i Tyskland.

Kvinneleg Jesus

Trussamfunnet tilber ein kvinneleg Jesus, som sjølv kallar seg for Austens lyn, ifølgje Xida.

Hjalmar Bø er tidlegare utanlandssjef i Misjonssambandet og har budd og arbeidd i Kina i seks år. Han seier at Austens lyn voks ut av kristne husforsamlingar på 1990-talet og heilt klart appellerte til kinesarar.

Hjernevask

Ifølgje Bø blir sekta skulda for kidnapping, hjernevasking og sterkt press.

Nokre kjelder hevdar at trusretninga har så mykje som tre–fire millionar medlemmer.