Mange tek røysteretten som sjølvsagt i Noreg. Men vegen fram til allmenn røysterett har vore lang også her til lands. Biletet viser listeberarar ved kommunevalet i 1937. Etter 1937 vart røysterettsalderen endra tre gonger.

Arivfoto: NTB scanpix

Hundre år sidan også fattigfolk fekk røysterett

PolitikkI år er det 100 år sidan Stortinget vedtok at også folk som gjekk på fattighjelp, skulle få rett til å røysta ved val. No startar markeringa av jubileet.

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om røysteretten i Noreg

  • 1814 Embetsmenn, sjølveigande bønder og handelsborgarar hadde røysterett. Berre menn.
  • 1884 Alle menn som betalte ein viss minsteskatt, hadde røysterett.
  • 1898 Alle menn over 25 år fekk alminneleg røysterett.
  • 1901 Kvinner fekk avgrensa røysterett ved kommuneval.
  • 1913 Kvinner fekk alminneleg røysterett (vedtatt i 1910).
  • 1919 Folk på fattighjelp fekk røysterett.
  • 1920 Røysterettsalderen for kvinner og menn sett til over 23 år.
  • 1946 Røysterettsalderen sett til 21 år.
  • 1967 Røysterettsalderen sett til 20 år.
  • 1978 Røysterettsalderen sett til 18 år.

Kjelde: Aftenposten

Den 17. juli 1919 oppheva Stortinget paragraf 52d i Grunnlova. Der stod det at røysteretten skulle trekkjast tilbake mellombels viss ein tok imot fattighjelp.

Stortinget starta denne veka markeringa av hundreårsjubileet for vedtaket. I jubileet vil dei formidla historia og leggja til rette for debatt om den demokratiske deltakinga i dag.

Sosial status var ikkje lenger viktig

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) seier at vedtaket i 1919 var viktig fordi det ikkje lenger skulle bety noko om ein var rik eller fattig.

– Det var fyrst då at sosial og økonomisk status og personlege eigenskapar ikkje lenger avgjorde kven som fekk lov til å røysta eller ikkje. Dermed vart retten til å røysta ein menneskerett i Noreg, seier Trøen.

Ho fortel at dei fattige vart haldne utanfor då alle over 25 år fekk røysterett i 1913. Då fekk òg kvinner røysterett ved stortingsval.

– Den allmenne røysteretten vart først reell då Stortinget fjerna utestenginga av dei som fekk fattighjelp, i 1919, seier Trøen.

Fleire tusen var utestengde

I den perioden regelen gjaldt, var på det meste 47.500 personar utestengde frå å røysta. Dette utgjorde vel 4 prosent av dei røysteføre.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes nyttar høvet til å minna om at ein ikkje skal ta den demokratiske fridommen for gitt.

Demokratisk fridom er ikkje sjølvsagt

– Hundreårsjubileet for den allmenne røysteretten er ei påminning om at dei demokratiske fridommane vi tek for gitt i dag, ikkje kom av seg sjølv, seier Moxnes.

– Dei som kjempa for utvida røysterett, vart forfølgde, og ideane om røysterett for alle vart i lang tid avfeia frå Stortingets talarstol. Også den gongen såg Stortinget på seg sjølv som demokratisk og fridomselskande, seier han.

Før 1919 hadde ikkje folk på fattighjelp rett til å røysta. Her eit bilete frå Oslo i 1939, der to kvinner smør brødskiver til fattigfolk som kom til Arbeidsløses kafe.

Arivfoto: NTB scanpix