Det er berre nokon få heldige som blir gravne fram av ein lavinehund. Her grev ein redningsarbeidar frå Norske Redningshunder i eit snøskred på Finse under ei øving.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Den dødelegaste skredvinteren på fem år

MiljøSju personar har mista livet i snøskred så langt i vinter. Det gjer skredvinteren 2018/2019 til den dødelegaste på fem år. Faren for nye snøskred er framleis stor fleire stader

  • © NTB
  • Publisert:

Fakta om råd for å unngå snøskred

  • Slagordet «rygg er trygg» er ein god regel. Det vil seie at ein bør følgje høgdedrag og rygger i staden for å følgje dalsøkk og bekkeraviner.
  • Før du skal gå krevjande fjellturar, bør du skaffe seg nødvendig skredkunnskap. Det vil seie at du må kunne kjenne igjen skredfarleg terreng og kunne vurdere om snødekket er stabilt.
  • Du må ha med nødvendig utstyr (skredsøkjar, søkjestong, spade og så vidare)
  • Terrenget kan i seg sjølv vere skredfarleg (er terrenghellinga større enn 30 grader, kan det gå skred)
  • Avhengig av rutevalet, kan du komme inn i «terrengfeller». Skred kan treffe deg ovanfrå eller frå sideterrenget, sjølv om terrenget der du er, ikkje er skredfarleg.

Kjelde: Noregs geotekniske institutt

Denne veka melder NVE om betydeleg snøskredfare på store delar av Vestlandet. Dessutan er det moderat fare i Nord-Noreg.

Øyvind Setnes i Tryg Forsikring er ekspert på førebygging og meiner folk no må vere ekstra påpasselege.

– No bør folk verkeleg tenkje seg godt om før dei legg ut på tur, anten det er i lett terreng eller topptur. Det er lett å løyse ut skred mange stader no, og ferdsel i snøskredterreng krev mykje kunnskap. Sjølv for erfarne folk er det ikkje alltid lett å sjå kor det er trygt å gå, slik forholda er no, seier Setnes.

Den dødelegaste vinteren på fem år

I helga mista to personar livet etter at dei vart tatt av snøskred. Dermed er skredvinteren i år den dødelegaste på fem år. Og enno har vi ikkje hatt påskeferie.

Snøskred-varslinga til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilrår å unngå alt skredterreng. Det gjeld særleg terreng som er brattare enn 30 grader.

Vinter i fjellet

Måndag vart ein mann i 20-åra stadfesta død etter at han kom ut for eit snøskred på Grytøya utanfor Harstad.

– Skredsesongen er enno ikkje over. Det er framleis fare for at talet på omkomne kan auke, seier Håkon Heyerdahl ved Noregs geotekniske institutt (NGI) til NTB.

Skisesongen er ikkje over

– Det er tidleg i mars, og skredsesongen er definitivt ikkje over enno, seier han.

– Utover mot april og mai bruker snødekket å søkke litt saman og bli fastare. Men landet er veldig langt, og det er framleis vinter i fjellet. Får vi eit snøvêr med 15–20 centimeter fersk snø, kan det plutseleg gi auka skredfare igjen, seier Heyerdahl.

Bekymra for ekstremsport

Heyerdahl er bekymra for at talet på ulykker og nestenulykker kan auke framover.

– Fleire enn før går på langt meir krevjande toppturar (randonné-turar), og utset seg i større grad enn før for skredfare. Det er stor rekruttering til slike aktivitetar, og utfordringa er om skredkunnskapen og evna til å gjere gode vurderingar og trygge val følgjer med, seier han.

Må sjekke forholda i fint vêr òg

Heyerdahl rår folk å sjekke skredvarslinga på varsom.no, og minner om at ein må vere aktsam sjølv når det er fint vêr og tilsynelatande gode forhold.

– Det er ikkje nødvendigvis når det er veldig dårleg vêr og veldig høg skredfare, at liv går tapt. Då forstår ein som regel at det er farleg, og held seg heime, seier han.

Redningsarbeidarar frå Røde Kors hadde ei stor skredøving tidlegare i vinter. Her søkjer redningsarbeidarar etter sju personar i eit skred på Finsefjellet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix