No lanserer YouTube ein eigen app for 3–12-åringar i Noreg.

Foto: Thomas Brun / NTB scanpix

YouTube lanserer barneapp i Noreg

KulturYouTube lanserer ein eigen app for barn mellom 3 og 12 år i Noreg. Tre av fire barn mellom 9 og 12 år er på sosiale medium, sjølv om aldersgrensa er 13 år. Det viser ei ny undersøking.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Direktør Greg Dray i YouTube Kids i Europa seier den nye tenesta for barn er tryggare enn den vanlege YouTube-tenesta.

– Dette er ei eiga strøymeteneste med mange foreldrekontrollar. Dei gjer det mogleg å skreddarsy opplevinga slik at ho passar for kvar enkelt barnefamilie, seier Dray.

Fakta om sosiale medium

  • Sosiale medium er nettsider og appar som legg til rette for å skape og dele innhald og for å delta i sosiale nettverk.
  • Facebook er det mest vanlege sosiale mediet, både i Noreg og andre land.
  • Twitter, Instagram, YouTube og Snapchat er òg mykje brukte.
  • Snapchat og Instagram har lenge vore dei to mest populære sosiale media blant barn og unge.
  • Sosiale medium har endra måten vi kommuniserer på. Dei sosiale media blir brukt til å kommunisere med venner og familie, men òg til nyheiter, marknadsføring, politiske ytringar og offentleg informasjon.

Det er ein ny app

I den nye appen skal det bli lettare for foreldra å setje grenser for kor lenge barna kan bruke i appen. Foreldra kan til dømes setje skjermtida til 20 minutt. Dei kan òg velje kva videoar barna kan sjå, og bestemme om barna skal få lov til å søkje etter innhald i appen eller ikkje.

YouTube lanserte den nye tenesta tysdag i samband med «safer internet day» – tryggare internett-dagen. Dagen er ei årleg internasjonal markering som set søkjelyset på trygg og ansvarleg bruk av digital teknologi, særleg blant barn og unge.

Annonsar blir tydeleg merkte

Ifølgje nettstaden skal alle annonsane i appen bli tydeleg merkte. Dei lover òg å følgje annonsereglane sine. Det betyr at det ikkje skal vere annonsar for mat og drikke, eller videospel og filmtrailerar retta mot barn over 13 år.

YouTube lanserte appen i USA for fire år sidan. No finst tenesta i 53 land. Globalt har appen vorte lasta ned fleire titals millionar gonger. Kvar veke er 14 millionar brukarar innom.

Mange bryt aldersgrensa

Tre av fire barn mellom 9 og 12 år er på sosiale medium, sjølv om aldersgrensa er 13 år.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Tre av fire barn mellom 9 og 12 år er på sosiale medium, sjølv om aldersgrensa er 13 år. Det viser ei ny undersøking frå Medeitilsynet, som blir kalla «Barn og Medier 2018».

Undersøkinga viser at åtte av ti foreldre er klar over at årsaka til 13-årsgrensa på sosiale medium, er omsynet til personvern.

For eitt år sidan var berre tre av ti klar over kvifor barn under 13 år ikkje kan opprette sin eigen profil på sosiale medium utan samtykke frå foreldra.

Foreldre inngår avtalar med barna

Men nesten like mange trur at aldersgrensa også er der for å verne barna mot skadeleg innhald. Men det stemmer altså ikkje.

Undersøkinga til Medietilsynet viser elles at rundt halvparten av foreldra som har barn under 18 år, gjer avtalar med barna om korleis dei skal bruke sosiale medium.

Direktør Mari Velsand i Medietilsynet seier at foreldre har vore meir bevisste.

– Vi ser at foreldre har vore meir bevisste på aktivitetane til barna på sosiale medium. Det er bra. Samtidig er det framleis behov for råd og rettleiing, seier Velsand.

Barn vil vere på sosiale medium

Den store undersøkinga til Medietilsynet viser elles at Snapchat er førstevalet blant 9–12-åringane. Deretter kjem Instagram.

Undersøkinga viser òg at den viktigaste grunnen til at foreldre lèt barn under 13 år få sin eigen profil, er at barna vil det sjølve. Andre viktige årsaker er at foreldra meiner barnet er modent nok, og at barnet ikkje skal føle seg utanfor i vennegjengen.

Jakta på «likes» kan vere slitsam.

Foto: Jan Haas / NTB Scanpix

Sosiale medium er viktig for barn

Velsand skjønner foreldra godt.

– Vi veit at ein del viktige aktivitetar i livet til barna skjer på sosiale medium. Det kan vere vanskeleg å stå utanfor om alle vennene er på, seier ho.

– Men vi tilrår at foreldre vurderer kor modent barnet er, før dei avgjer om barn under 13 år skal få opprette profil på sosiale medium, seier Velsand.