YouTube vil fjerne annonsar på videoar som går mot vaksinasjon. Dermed vil dei ikkje lenger tene pengar på slike videoar lenger.

Illustrasjonsfoto: Eric Gaillard / REUTERS / NTB scanpix

Sosiale medium med tiltak mot vaksinemotstandarar

HelseSosiale medium som Pinterest og YouTube innfører tiltak som skal gjere det vanskelegare for vaksinemotstandarar å spreie bodskapen sin.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om vaksinemotstand

  • Skepsis mot vaksine og vaksinemotstand byggjer på mistillit mot førebygging av smittsame sjukdommar gjennom kunstig immunisering av menneske og dyr.
  • Det har vore motstand heilt sidan den første vaksinen kom, og motstanden har i moderne tid vorte eit aukande problem for folkehelsa.
  • Verdshelseorganisasjonen (WHO) har definert vaksineskepsis som ein av dei ti største helsetruslane i verda.
  • Vaksinar er eitt av dei største vitskaplege gjennombrota innan medisin. Vaksinasjon bergar mange millionar menneskeliv årleg.
  •  Samtidig er det svært sjeldan at nokon får alvorlege biverknader.
  • Likevel er det mange som vel å trasse tilrådingane til helsestyresmaktene om å vaksinere seg i frykt for at vaksinane medfører helsefare.
  • Det finst mange konspirasjonsteoriar om farane ved vaksinar.
  • Ekspertane trur at vaksinane har vorte eit offer for eigen suksess: Yngre generasjonar hugsar ikkje korleis situasjonen var før dei effektive vaksinasjonsprogramma kom i stand.

Kjelde: Wikipedia.

Dei sosiale media har vorte skulda for å leggje til rette for spreiing av feilinformasjon. Dette presset har ført til at nokre av nettstadene no innfører tiltak som skal gjere at mindre av dette får passere.

Pinterest er eit nettsamfunn for deling av bilete og video. Måndag stadfesta selskapet at dei gjorde visse endringar i fjor. Det var likevel først då avisa Wall Street Journal skreiv om endringane i ein artikkel førre veke, at dei vart allment kjente.

Skadeleg informasjon

Selskapet seier at dei har blokkert visse søk som gjeld vaksinar og kurar mot kreft. Bakgrunnen er at resultata førte brukarane til skadeleg feilinformasjon.

Motstandarane av vaksinar tyr ofte til mytar, konspirasjonsteoriar og feiltolking av forskingsresultat for å spreie frykt for vaksinasjon.

Skal vere inspirerande

– Vi vil at Pinterest skal vere ein inspirerande stad for folk, og det er ikkje noko inspirerande med feilinformasjon. Derfor held vi fram arbeidet med å halde misvisande innhald unna nettstaden og søkjemotoren vår.

Det seier ein talsperson for Pinterest.

Har blokkert kontoar

Pinterest har òg blokkert kontoar og fjerna innlegg som bryt reglane om medisinsk feilinformasjon. Men talspersonen kunne ikkje seie noko spesifikt om omfanget.

Fjernar annonsar

YouTube sa fredag at dei fjernar annonsar knytt til antivaksine-videoar. Dermed fjernar dei òg den viktigaste moglegheita for å tene pengar på slike videoar.

I ei fråsegn seier YouTube at dei lover å fjerne reklamen på antivaksine-innslag.

– Vi har strenge reglar om kva videoar vi tillèt annonsar på. Videoar som fremjar antivaksine-innhald, bryt med den godt etablerte haldninga vår mot skadeleg eller farleg reklame, heiter det.

Facebook vurderer òg tiltak.

Hittil i år har det vore fleire meslingutbrot i USA, og mange av dei smitta er barn som ikkje er vaksinerte.

Arkivfoto: Gillian Flaccus / AP / NTB scanpix

Meslingutbrot

Både i USA og andre stader veks presset mot dei sosiale media Dei får kritikk for at dei har gjort det mogleg for antivaksine-rørsla å byggje seg opp.

Sidan årsskiftet har 159 menneske vorte sjuke i fleire meslingutbrot i USA. I dei fleste tilfella dreier det seg om barn som ikkje er vaksinerte.

Fleire droppar vaksinasjon

Helsestyresmaktene seier stadig fleire barn ikkje blir vaksinerte. Mens 0,9 prosent av dei som vart fødde i 2011, ikkje er vaksinerte, gjeld det same 1,3 prosent av dei som vart fødde i 2015.

Meslingar er ein barnesjukdom som kan gi alvorlege komplikasjonar og i verste fall føre til døden.

Trippelvaksine

Vaksinen mot meslingar inngår i trippelvaksinen MMR – som òg vernar mot kusma og raude hundar. Trippelvaksinen er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg.