Pollensesongen kjem tidleg i gang i år. Takka vere den varme sommaren i fjor kan pollensesongen i år bli svært heftig for pollenallergikarane.

Illustrasjonsfoto: Elizaveta Galitckaia / Shutterstock / NTB scanpix

Pollensesongen startar tidleg i år

HelseDen rekordvarme sommaren i fjor gjer at det blir ein tung sesong for pollenallergikarane i år. Dessutan byrjar pollensesongen to veker tidlegare enn vanleg.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om pollen og pollenallergikarar

  • Pollen er bitte små partiklar frå plantar.
  • Pollenpartiklane blir spreidde med vinden eller med insekt som bestøvar plantar av same arten.
  • Dei pollentypane som har størst effekt i Noreg, kjem frå tresortane or, hassel og bjørk og frå alle grasartane, særleg timotei og hundegras.
  • I tillegg kjem pollen frå planteslekta Salix (selje, vier og pil) og burot.
  • Vel 20 prosent av den norske befolkninga (ca. éin million) har meir eller mindre alvorleg pollenallergi.
  • Pollenallergi er mest vanleg i aldersgruppa 5–40 år, og det ser ut til at fleire og fleire får sjukdommen.
  • Mellom 10 og 20 prosent av dei yngre skulebarna har pollenallergi, og 15– 30 prosent av tenåringane.
  • Hos personar som har astma, har ca. 80 prosent også ei form for pollenallergi. Mellom 15–30 prosent av pollenallergikarane har astma.

(Kjelde: Norges Astma- og Allergiforbund)

Den tidlege sesongstarten kjem av mildvêret i vinter. Vanlegvis startar pollensesongen først i byrjinga av mars, fortel NRK.

Verre enn på fleire år

Sesongen kan òg bli den verste på fleire år på grunn av ekstremvarmen i fjor sommar.

Varmen har sørgd for at både bjørk, or og hassel har samla opp store mengder med blomsterstøv.

Mange kjem til å merke det

Allereie denne veka kjem fleire til å merke teikn på allergi. Hasselen blomstrar først.

Vinteren avgjer når sesongen startar, men mengda av pollen vart bestemt allereie i fjor sommar.

Vanskeleg sesong

Åslög Dahl er forskar ved instituttet for biologi og miljøvitskap ved Universitetet i Göteborg. Han varslar ein strevsam vår for dei som har pollenallergi.

– Sesongen for pollen frå bjørk, hassel og or kjem til å bli dei vanskelegaste på lang tid for dei som er allergiske, seier han til Sveriges Radio.

Pollenvarslinga sender ut dei første varsla denne veka.

Når blomstrane er fargerike, er dei som regel bestøva av insekt. Skjønnheita har dei fått for å lokke insekta til seg. Men desse gir ikkje pollenspreiing.

Foto: Vasily Fedosenko / REUTERS / NTB scanpix