Geirangerfjorden i Møre og Romsdal er blant dei mest populære cruisereisemåla i Noreg. No blir miljøkrava til skipa skjerpa.

Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik, NTB scanpix

Norske byar og fjordar einige om miljøkrav til cruisenæringa

MiljøOrdførarar, byrådar og hamnesjefar ved dei største cruisehamnene i Noreg signerte onsdag ein avtale om felles miljøkrav for cruisenæringa.

  • © NTB
  • Publisert:

Representantar frå mellom anna Bergen, Geiranger, Ålesund og Eidfjord møttest i Oslo rådhus for å signere avtalen. Avtalen inneheld 14 felles krav.

Fakta om cruiseskip

  • Cruiseskip eller turistskip er passasjerskip som ikkje fraktar folk og gods frå ei hamn til ei anna, men er innretta eller spesialbygd for turisttrafikk og opplevingsreiser ved framande kystar, i interessante havområde og så vidare.
  • Ein kan gjerne sjå cruiseskip som flytande luksushotell.
  • Drifta av cruiseskip forureinar både luft og sjø, og trafikken kan uroe dyrelivet på måtar som får varige negative verknader, ikkje minst i sårbare område som til dømes Arktis og Antarktis.

Kjelde: Wikipedia 

Betre luft for folk

Tiltaka skal gjere at lufta blir betre i dei store byane. Eit anna mål er å redusere dei lokale miljøskadane og dessutan minske utsleppa frå cruisenæringa.

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) i Oslo trur at avtalen skal gi resultat.

– Utsleppa frå cruiseskipa aukar. Somme stader er det eit stort miljøproblem. Vi har sterk tru på at desse krava skal gi lågare utslepp i og rundt hamnene våre og gi reinare luft frå ei meir miljøvenleg cruisenæring, seier Johansen.

14 miljøkrav

Det blir mellom anna stilt felles krav om bruk av landstraum for alle cruiseskip frå 2025. Frå 2021 skal dei cruiseskipa som kan dokumentere klima- og miljøtiltak, komme først i køen ved tildeling av anløpstider og kaiplass.

Frå og med 2022 må også bussane som fraktar cruisegjestene mens dei er på land, vere utsleppsfrie. Frå same året blir det òg krav om nullutsleppsløysingar i all transport av varer, avfallsbehandling, vedlikehald og andre tenester i samband med anløp av cruiseskip.

Representantar frå mellom anna Bergen, Stavanger, Kristiansand, Ålesund, Oslo, Trondheim og Tromsø møttest onsdag i rådhuset i Oslo for å signere ein avtale om felles miljøkrav til cruisenæringa.

Foto: Runar Kjellstad Nygård / NTB scanpix

21 millionar tonn CO2

På verdsbasis slepper cruisenæringa ut om lag 21 millionar tonn CO2. Det er 25 prosent meir enn det samla utsleppet frå all transport i Noreg. Kvar sesong er rundt ein tredel av alle cruiseskipa i verda på besøk i norske farvatn.

Innovasjon Noreg reknar med at om lag 3,6 millionar cruiseturistar fordelt på rundt 2.000 cruiseanløp var innom norske byar og fjordar i fjor, ifølgje Dagens Næringsliv.

Ein sterk bodskap til næringa

Aktørane bak avtalen håper at krava skal vere ein sterk bodskap til næringa om grøn omstilling. Ein av dei er ordførar Christine Sagen Helgø (H) i Stavanger.

– Cruisenæringa gir verdiskaping og arbeidsplassar. Samtidig er det klart at vi må stille miljøkrav for å få ned utsleppa. Når hamnene samarbeider om ein felles tiltaksplan, har vi langt større moglegheiter for å få til ei endring, seier Helgø.

Skal redusere utsleppa

Kommunen hennar har vedtatt at utsleppa av klimagassar skal reduserast med 80 prosent fram mot 2030. Oslo kommune vedtok nyleg ein handlingsplan som skal gjere Oslo hamn til ei nullutsleppshamn.

Næringsbyråd Kjetil Lund i Oslo seier at alle skip som kjem til Oslo, etter kvart må ha nullutsleppsteknologi.

– Aktørane i Oslo hamn må ha eit bevisst forhold til utsleppskutt. Planen krev vilje og handlekraft frå alle involverte, seier Lund.

– Landstraum det viktigaste

Cruise Norway AS driv med marknadsføring av cruisereisemåla i Noreg. Dei meiner at landstraum er det viktigaste tiltaket for å oppnå nullutslepp frå cruiseskipa mens dei ligg til kai.

– Ein stor del av cruiseflåten er klar for landstraum. I dag tilbyr berre éi norsk hamn landstraum til cruiseskip. Cruise Norway helsar velkommen ei utbygging av landstraum i cruisehamnene, seier dagleg leiar Inge Tangerås i Cruise Norway til NTB.

– Skjerpa krav er gledeleg

Bellona-leiar Frederic Hauge er glad for dei skjerpa krava, men understrekar samtidig at infrastrukturen i cruisehamnene må byggjast ut.

– Bellona har etterlyst strengare krav til cruiseindustrien i fleire år. Vi er glade for at dei største cruisekommunane med Oslo i spissen no ser ut til å vilje ta dette på alvor, seier Hauge.

– Men det vil òg krevje ei stor utbygging av infrastruktur i cruisehamnene, slik at hamnene kan levere straum til drift av skipa eller lading av batteri, seier Hauge.