Det er lenge sidan det vart lov for menneske av same kjønn å gifte seg. Likevel opplever mange å bli trakasserte og hetsa gjennom hatefulle ytringar.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Kvar fjerde LHBT-person ramma av hatefulle ytringar

SamfunnLHBT-personar blir mykje oftare ramma av hatefulle ytringar enn andre. Ytringane rammar også mange av dei hardare.

  • © NTB
  • Publisert:

Det kjem fram i ein rapport som Institutt for samfunnsforskning (ISF) har laga på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Fakta om LHBT

  • LHBT er ei forkorting for lesbiske, homofile, bifile og tranpersonar.
  •  LHBT er eit samleomgrep for desse minoritetsgruppene og blir oftast nytta som forstaving i ord, til dømes som i LHBT-personar.
  • Forkortinga kom opphavleg frå engelsk, der LGBT står for lesbian, gay, bisexual, transgender.

LHBT er ei forkorting for lesbiske, homofile, bifile og tranpersonar og er ei samlenemning for desse minoritetsgruppene.

23 prosent

23 prosent av LHBT-personane som forskarane har intervjua, seier dei har fått ytringar som dei har opplevd som hatefulle, retta mot seg det siste året. For den resten av befolkninga er dette talet 10 prosent.

LHBT-personane er endå oftare utsette for truslar. 15 prosent svarer at dei har fått konkrete truslar det siste året. For resten av befolkninga var talet 4 prosent.

Kjenner seg utrygge

Mange av dei som høyrer til ei minoritetsgruppe, reagerer også sterkare enn andre når dei får hatytringar retta mot seg. Mange av dei seier dessutan at dei kjenner seg utrygge. Mange av dei vel å trekkje seg tilbake frå det offentlege ordskiftet.

Samtidig kjem det fram at hatytringar kan føre til mobilisering og auka engasjement.

Forskjellar mellom hatytringane

Forskarane peikar òg på andre grupper som oftare blir ramma av hatytringar enn folk elles. Det gjeld personar som har bakgrunn frå andre religionar enn kristendommen, personar med innvandrarbakgrunn, funksjonshemma, urfolk og nasjonale minoritetar.

Hatefulle ytringar mot desse personane har ofte med gruppekjenneteikn å gjere, mens folk elles får hatefulle ytringar om til dømes individuelle kjenneteikn eller politiske meiningar.

Regnbogeflagget er sentralt i homoparadar over heile verda. Her frå eit tidlegare pride-arrangementet i Oslo.

Arkivfoto: Audun Braastad / NTB scanpix

Dobbelt-minoritetar opplever meir hat

Dei som høyrer til meir enn ein minoritet samtidig, til dømes LHBT-personar med innvandrarbakgrunn, får enda fleire hatefulle meldingar.

Så mange som 20,7 prosent av dei som har to eller fleire minoritetskjenneteikn, seier at dei har opplevd hatefulle ytringar om seksuell orientering, hudfarge, nasjonalitet, etnisitet, religion, folkegruppe og funksjonsevne. I Noreg er det forbod mot å komme med diskriminerande eller hatefulle ytringar mot nokon på grunn av slike ting.

Hatefulle ytringar som går på kjønnsuttrykk eller kjønnsidentitet, er førebels ikkje med i lova, men når ein tar med meldingar om dette òg, auka prosenten til 26,2.

10 prosent i denne gruppa seier dei har opplevd å få hatefulle ytringar som var retta mot andre forhold, som personlegdom, utsjånad, yrke og politisk ståstad.

Internett og arbeidsplassen

Dei som deltar i ordskifte på internett, er mest utsette for hatytringar. Til saman oppgir 11,5 prosent av LHBT-personane at dei har vorte utsette for dette i kommentarfelt, på nettforum og i sosiale medium. Til samanlikning har 4,8 prosent av resten av befolkninga vorte utsett for dette over internett.

I tillegg oppgir 4,5 prosent at dei har opplevd hatefulle ytringar på arbeidsplassen. For resten av befolkninga er dette talet 2,9 prosent.

Observerte hatefulle ytringar

Dei fleste i Noreg seier at dei har sett slike hatefulle ytringar. Desse handlar ofte om gruppekjenneteikn og innvandring og blir retta mot etnisitet, religion og hudfarge.

Resultata i rapporten er baserte på tilbakemeldingar frå 409 LHBT-personar og 1315 personar som representerer befolkninga elles.