Mennesker er lykkelist når det er 16 eller 70 år, viser en fersk britisk undersøkelse.

Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Forskarar avslører når i livet du er lykkelegast

SamfunnFolk er på det lykkelegaste når dei er 16 og 70 år, ifølgje ei fersk britisk undersøking.

  • © NTB
  • Publisert:

Meir enn ein million britar har vore med i undersøkinga, der forskarane har spurt når lykkekjensla har vore sterkast, og når ho har vore minst til stades gjennom livet.

Deltakarane vart også spurde om sjølvkjensle, angst og uro.

Fakta om lykke

  • Lykke er eit positivt omgrep som kan vise til god skjebne, framgang eller hell, eller det å vera lykkeleg, ei varig kjensle av glede eller velvere.
  • Omgrepet blir brukt innan filosofi, religion og psykologi med noko ulike definisjonar og forståingar av innhaldet.
  • Definisjonane har svinga frå rein lystkjensle til det å fungere godt som menneske.

Kjelde: Wikipedia

Det å bli vaksen

Det er det britiske statistikk-kontoret Office for National Statistics som har gjort undersøkinga, som har gått over sju år. Deretter gjekk forskarane i gang med å analysere svara. Resultata er publisert i den britiske dagsavisa The Times.

Undersøkinga viser at det å bli vaksen går hardt utover lykkekjensla. Når svara blir sorterte etter alder, viser dei ei tydeleg U-kurve. Det vil seie at lykkekjensla går nedover allereie etter at ein har fylt 16 år, og har nokre kortvarige oppturar i tjueåra.

Stig skarpt frå 50

Samtidig viser undersøkinga at folk får det betre mentalt etter at dei har runda 50 år. Då stig kurven bratt. Toppen kjem ved 70 år.

Folk er på det lykkelegaste når dei er 16 eller 70 år, konkluderer forskarane.

En fersk undersøkelse viser at man når er lykkelist når man er 16 eller 70 år.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Jobb, partnar og helse

Undersøkinga viser at det å ha jobb, partnar og god helse er heilt avgjerande faktorar for livslykka. Utdanningsnivå og i kva grad ein eig sin eigen heim, speler òg ei stor rolle for korleis ein har det.

Lotto-gevinst vil ikke gjøre deg lykkelig