Barn i Stavanger skal dei neste åra kunne følgje «sitt eige» tre.

Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix

Barn skal plante over 200.000 eiketre i Stavanger

MiljøElevar og barnehagebarn i Stavanger skal no vere med på å plante eiketre. Trea skal dei følgje med på i mange år framover.

  • © NTB
  • Publisert:

Det er Stavanger kommune som har dratt i gang det langsiktige miljøprosjektet. Frå 2015 til 2030 har kommunen som mål å kutte CO2-utsleppa i byen med 80 prosent.

– No skal vi starte prosjektet med å plante over 200.000 eiketre i Stavanger, seier politikar John Peter Hernes til Stavanger Aftenblad. Hernes er ordførarkandidat for Høgre i Stavanger.

Fakta om tre og klima

  • Det er to måtar å redusere mengda CO2 i atmosfæren. Vi kan sleppe ut mindre CO2 - og vi kan fjerne CO2 frå atmosfæren og lagre gassen.
  • Trea kan gjere begge delar.
  • Skogane har ei nøkkelrolle i reguleringa av klimaet, fordi trea gjennom fotosyntesen tar opp i seg CO2 frå atmosfæren og lagrar karbon. Karbonet blir bunde i treverk og organisk materiale i jord.
  • Derfor er treplanting med på å redusere klimaendringane.

Kjelde: Skoleskogen

Skulane blir bedt om å delta

Det er frivillig for skulane og barnehagane i Stavanger om dei vil vere med på dugnaden. Men dei blir oppmoda til å delta. Førebels veit ingen kor mange som blir med på leiken.

Hernes trur likevel at mange barn vil synest det er kjekt å kunne seie at «dette er mitt tre». Det kan gjere at dei blir opptatt av å følgje med på treet over fleire år.

Dette er eit viktig miljøtiltak

Hernes trur barna kjem til å lære mykje av det.

– Men det viktigaste er miljøperspektivet. Ikkje nok med at trea tar opp i seg CO2-utslepp, dei kan òg produsere oksygen. Det opnar for fantastiske friområde, seier han.

Sissel Knudsen Hegdal er leiar for kommunalstyret for oppvekst i Stavanger. Ho trur òg at dei fleste kjem til å bli med.

Eiketrea kan bli svært gamle. Viss du plantar eit tre i dag, kan det hende at barnet til barnebarna dine får sjå det fullt utvakse.

Foto: Heiko Junge/ NTB scanpix