Generalsekretær Camilla Viken i UNICEF Noreg er uroleg over motstanden mot vaksinasjon. Ifølgje WHO er dette éin av dei ti største helsetruslane i verda i 2019.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Motstand mot vaksinar er ein av dei største helsetruslane

HelseMotstand mot vaksinar er ein av dei ti største helsetruslane i verda i 2019, ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO). Det uroar generalsekretær Camilla Viken i UNICEF.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Ifølgje WHO forhindrar vaksinar mellom to og tre millionar dødsfall kvar einaste år. Likevel døyr fleire millionar barn av sjukdommar dei kunne ha unngått viss dei var vaksinerte.

Fakta om vaksinasjon

  • Vaksinasjon forhindrar 2–3 millionar dødsfall i året.
  • Dødsfall på grunn av meslingar har falle med 84 prosent sidan år 2000 på grunn av vaksinasjon.
  • Ytterlegare 1,5 millionar liv kunne ha vore redda viss alle hadde tilgang til vaksinar.
  • 19,5 millionar spedbarn blir framleis ikkje vaksinerte. Den globale vaksinedekninga har stagnert dei siste åra.
  • I 2016 fekk 86,5 prosent av alle spedbarn tre dosar av DTP-vaksinen, som vernar mot difteri, stivkrampe og kikhoste.

Kjelde: FN-sambandet

Negativ trend

Mens UNICEF arbeider for at alle barn i verda skal bli vaksinerte, har WHO registrert at stadig fleire lèt vere å vaksinere seg på såkalla filosofisk grunnlag. Det er alarmerande, meiner WHO. Derfor har FN-organisasjonen no plassert motstand mot vaksinar på lista over dei ti største truslane mot den globale helsa i 2019.

Alvorleg

– Dette er svært alvorleg, seier generalsekretær Camilla Viken i UNICEF Noreg til NTB.

Ho peikar på at vaksinar er eit svært billeg og effektivt tiltak mot dødelege sjukdommar og funksjonshemmingar, og at vaksinar har hatt positiv effekt på barnedøyinga i ei årrekke.

Brot på barns rettar

– For oss er det svært fortvilande å sjå at foreldre lèt vere å vaksinere barna sine i land der dette er lett tilgjengeleg. I Noreg burde ikkje uvisse og frykt for vaksinar hos foreldre trumfe retten barn har til helsehjelp. UNICEF meiner at det å hindre barn i å bli vaksinerte er eit brot på barns rettar, seier Viken.

Barnekonvensjonen

I artikkel 6 i Barnekonvensjonen står det nemleg at alle barn har rett til å leve og utvikle seg. UNICEF meiner at vaksinasjon er heilt sentralt for å få oppfylt denne retten.

Reddar liv

– Vi veit at vaksinar reddar millionar av liv kvart einaste år. Og vi kan unngå ytterlegare 1,5 millionar dødsfall dersom den globale dekninga av vaksinar blir betre, seier generalsekretæren.

– Vaksinasjon av barn er ikkje berre viktig fordi barn har rett til helsehjelp, men òg fordi vaksinasjon av barn er den mest verdifulle og effektive helsehjelpa som finst, seier ho.

Norske kommunar

Ho peikar dessutan på at den som lèt vere å vaksinere seg, også bryt andres rettar. Då kan ein komme til å smitte nokon som er svake frå før. Det gjeld særleg dei som er for små til å få vaksine, eller dei som har sjukdommar som gjer at dei ikkje kan få vaksine.

Om dei få som av medisinske grunnar ikkje kan vaksinerast mot meslingar, skal vere nokolunde trygge, må minst 95 prosent av befolkninga elles vere vaksinerte. Det kallar vi flokkimmunitet.

99 prosent dekningsgrad

I Noreg er dekningsgrada på 99 prosent, mens nokre få kommunar har ei dekningsgrad på under 95 prosent, mellom anna Nesodden i Akershus. Det uroar Viken.

WHO publiserte nyleg ein rapport som viser at talet på barn som døyr av meslingar, er redusert med 84 prosent sidan år 2000 på grunn av vaksinasjon.

Meslingar aukar

I den same rapporten uttrykte organisasjonen likevel sterk bekymring for at talet på meslingtilfelle i verda auka med 30 prosent frå 2016 til 2017.

Ei av årsakene til auken er at sjukdommen har blomstra opp igjen i fleire land som var nær å eliminere sjukdommen. UNICEF-generalsekretæren understrekar derfor kor viktig det er å halde dekningsgrada oppe.

Klar tale

– Det vi veit, og det WHO skriv, er at ein snakkar om velprøvde vaksinar med minimale biverknader. Biverknadene er små samanlikna med dei eventuelle konsekvensane for dei som ikkje er vaksinerte, seier Viken.

Viken er uroa over motstanden mot vaksinar.

Ho er klar i sin tale og presiserer at vaksine er ein livreddar som forhindrar at barn får alvorlege sjukdommar og funksjonshemmingar.