Ungdomseining aust ligg på Eidsvoll. Dette er eit fengsel for barn og unge mellom 15 og 18 år som skal i varetekt og/eller sone fengselsstraff.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Regjeringa opnar for «barnefengsel»

SamfunnDen nye regjeringsplattforma opnar for fengselsliknande barnevernsinstitusjonar for unge som gjer seg skuldige i alvorleg kriminalitet.

  • © NTB
  • Publisert:

Justispolitisk talsperson for Frp Solveig Horne seier til avisa Vårt Land at ho meiner slike spesielle barnevernsinstitusjonar er nødvendige.

Fakta om den kriminelle lågalderen

  • Den kriminelle lågalderen i Noreg er 15 år
  • Barn under denne alderen kan ikkje straffast.
  • Sjølv om den kriminelle lågalderen er 15 år, (straffelova § 20 første ledd bokstav a), er det likevel ikkje slik at den som er under 15 år og bryt lova, er heilt utan ansvar.
  • Samfunnet kan gjennomføre ei rekke tiltak rundt vedkommande. Blant tiltaka er til dømes kraftig avgrensa bevegelsesfridom.
  • Når barn under den kriminelle lågalderen gjer noko kriminelt, er det vanlegvis barnevernet som har ansvaret for å følgje dei opp.
  • Etter FNs barnekonvensjon skal ikkje barn under 18 år setjast i fengsel med mindre det er strengt nødvendig.

Kjelder: Vårt Land, Wikipedia.

– Det er 14-åringar som gjer seg skuldige i vald og valdtekt. Desse ungane treng klare grenser og restriksjonar, seier ho.

Restriksjonar

«Regjeringen vil vurdere å etablere institusjoner i barnevernet, inkludert bevegelsesrestriksjoner, som kan håndheve reglene for personer under 15 år som begår alvorlig kriminalitet, og som kan utgjøre en fare for seg selv eller andre.»

Dette er eitt av måla i den nye regjeringserklæringa til dei fire regjeringspartia Høgre, Frp, Venstre og KrF.

Justisdepartementet har tidlegare varsla at dei skal jobbe med alternative tiltak mot ungdomskriminalitet og gjengkriminalitet.

Barnevernet må inn

– Eg har vore tydeleg på at barnevernet må inn, og vi må få eit betre samarbeid mellom barnevernet, kriminalomsorga og politiet, seier Horne.

Ho meiner barnevernet ikkje har verktøy for å hindre at det blir danna ungdomsgjengar.

– Då må vi ikkje vere redde for å prøve nye tiltak. Det er viktig å innskrenke bevegelsesfridommen, seier Horne.

Eit fengsel for mindreårige

Noreg har i dag eitt fengsel for mindreårige innsette. Det  heiter Ungdomseining aust, og  er ei underavdeling av Romerike fengsel.

Ungdomseininga er eit landsdekkjande tilbod for innsette i alderen 15–18 år.