Statsminister Erna Solberg i møte med Kinas president Xi Jinping i 2017. Solberg hadde òg med seg ein fotball med dei 17 berekraftsmåla i gåve til den mektige presidenten. Men sjølv har Noreg ikkje ein eigen plan for å nå berekraftsmåla.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Noreg utan eigen berekraftsplan på fjerde året

MiljøNoreg har aldri fått på plass ein eigen handlingsplan for FNs berekraftsmål. Likevel reiser Erna Solberg til andre delar av verda og preikar om dei same måla.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Både Sverige, Danmark og Finland har ein nasjonal handlingsplan for berekraftsmåla.

FNs berekraftsmål omfattar mellom anna handling for å forhindre klimaendringar, sikre likestilling, utdanning og skikkelege arbeidsvilkår, jamne ut forskjellar og utrydde fattigdom innan 2030. Til saman er det 17 mål på lista.

Fakta om omgrepet berekraft

  • Berekraft er eit omgrep som blir brukt for å karakterisere økonomiske, sosiale, institusjonelle og miljømessige sider ved menneskesamfunn.
  • Berekraftig utvikling er utvikling som kjem dagens behov i møte utan å øydeleggje moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt sine behov.
  • Det blir særleg lagt vekt på at dei fattige skal få oppfylt grunnleggande rettar, og at dei skal få moglegheiter til eit betre liv.
  • Berekraft betyr at det er grenser for kva naturen kan levere i dag utan at det går ut over kva han kan levere i framtida.
  • Omgrepet berekraftig utvikling vart lansert i rapporten "Vår felles framtid", som Verdskommisjonen for miljø og utvikling la fram i 1987. Kommisjonen vart òg kalla Brundtland-kommisjonen etter leiaren, Gro Harlem Brundtland.

Kjelde: FN, Wikipedia

Ikkje truverdig

– Vi vil gjerne utfordre Erna Solberg og regjeringa. Noreg har nemleg ingen nasjonal handlingsplan for berekraftsmåla. Og dette er noko vi er opptatt av i FN-sambandet og fleire andre norske organisasjonar, seier generalsekretær Anne Cathrine da Silva i FN-sambandet i Noreg.

Ho meiner truverdet sviktar når Noreg har så mykje merksemd på dette internasjonalt, men manglar ein plan på heimebane.

Granavollen

Statsminister Erna Solberg vart i 2016 utnemnd til leiar for gruppa som skal vere internasjonal pådrivar for måla. Med seg i den FN-utnemnde gruppa har ho kongelege, kjente politikarar, forskarar, kultur- og sportskjendisar.

Fleire organisasjonar er einige i kritikken og meiner truverdet til Solberg er svekt.

Eigenrapporteringa går nedover

Forum for utvikling og miljø er eit nettverk som omfattar 50 norske organisasjonar. Forumet peikar på at den norske eigenrapporteringa har gått nedover sidan 2017. Regjeringspartia kom heller ikkje med noko løfte om forbetring i den felles plattforma dei forhandla fram på Granavollen.

Leiar Borghild Tønnessen-Krokan i forumet synest regjeringa somlar.

– Stortinget har bedt regjeringa om å lage ein plan, og Høgre programfesta dette i 2017. Likevel nøler regjeringa, seier ho.

Har etterlyst plan

Redd Barna har etterlyst ein norsk berekraftsplan sidan 2015.

– Det er eit viktig verktøy, seier leiar Monica Sydgård i Redd Barna.

FNs barnefond UNICEF meiner òg at det er på høg tid at Erna Solberg tar ansvar.

– Vi bør ikkje vere dårlegare enn dei nordiske naboane våre, seier generalsekretær Camilla Viken.

– Ikkje eige prosjekt

Statssekretær Ingvild Stub (H) ved Statsministerens kontor er ikkje einig i kritikken. Ho seier at regjeringa har valt å integrere oppfølginga av berekraftsmåla i det ordinære politiske arbeidet.

– Vi har ikkje gjort det til eit eige prosjekt med eit eige sekretariat, slik ein del andre land har valt å gjere, seier Stub.

Ansvaret for oppfølginga av dei 17 berekraftsmåla er fordelt på departementa, og rapporteringa skjer via budsjettdokumenta. Vidare er det Utanriksdepartementet som jobbar internasjonalt, mens Finansdepartementet summerer opp stoda i nasjonalbudsjettet.

Norsk forbruk

Noreg ligg mellom anna etter på målet om ansvarleg forbruk og produksjon og stopp i klimaendringane. FN-sambandet peikar på at ein nasjonal oppfølgingsplan kunne ha sikra at ressursbruken og prioriteringane vart gode.

– Ein nasjonal plan er meir føreseieleg og gir større medverknad for alle. For det handlar om eit samarbeid mellom alle som hjelper til med å nå måla, seier da Silva i FN-sambandet.