Birgit Skarstein har fått organisasjonen Menneskeverds Livsvernpris 2019. Ho er eit stort forbilde for mange - på mange område i samfunnet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Menneskeverdspris til Birgit Skarstein

IdrettIdretts-stjerna Birgit Skarstein (29) har fått Livsvernprisen 2019 for arbeidet sitt med å styrke posisjonen til menneske med redusert funksjonsevne.

  • © NTB
  • Publisert:

– Idrettsutøvaren og den samfunns-engasjerte politikaren Birgit Skarstein har evna å viske ut skiljet mellom «oss» og «dei». Ho har vorte ei føregangskvinne i å fremje likeverd i samfunnet. Ho er i dag eit stort forbilde for mange, heiter det mellom anna i grunngivinga for tildelinga frå organisasjonen Menneskeverd, som deler ut prisen.

Fakta om organisasjonen Menneskeverd

  • Organisasjonen Menneskeverd spring opphavleg ut av Folkeaksjonen mot fri abort.
  • Folkeaksjonen la ned arbeidet sitt etter at abortlova vart vedtatt i 1978.
  • Organisasjonen Folkebevegelsen For Livsrett og Menneskeverd vart skipa i 1981.
  • I 2002 slo dei seg saman med antiabort-organisasjonen Norsk Pro Vita og skipa Menneskeverd.
  • Organisasjonen arbeider aktivt for å styrkje vernet om menneskelivet frå befrukting til naturleg død, og for særleg sårbare grupper.
  • Organisasjonen har delt ut Livsvernprisen sidan 1997, mellom anna til Signe og Geir Lippestad, Thorvald Steen og Margreth Olin.

– Ho er ung, ho er ei av dei fremste idretts-utøvarane våre, og ho har brukt posisjonen sin til å setje rettane for funksjonshemma på dagsordenen på ein framifrå måte, seier generalsekretær Morten Dahle Stærk i Menneskeverd.

Skarstein deltok i Lars Monsen-program

Skarstein vart for alvor kjent da ho var med i den andre sesongen av serien «Ingen grenser» med Lars Monsen. Serien gjekk i NRK i 2012. Ho meiner prisen løftar fram gode verdiar.

– Prisen har, slik eg ser det, ingen undertone eller skjult agenda. Det er ein veldig ærleg pris. Prisen set søkjelyset på korleis vi behandlar kvarandre, og at vi står saman, seier ho.

Idretts-utøvar og politikar

Skarstein er i dag idretts-utøvar, bystyre-representant for Arbeidarpartiet i Oslo, utøvar-representant i Den internasjonale paralympiske komiteen og har vore fast medlem av Bioteknologirådet frå 2013 til 2019.

Skarstein har tre gull, to sølv og to bronse i VM i roing – og gull, sølv og bronse i langrenns-pigging.

For prestasjonane sine i både roing og langrenn vart Skarstein også kåra til Årets kvinnelege funksjonshemma utøvar under Idrettsgallaen i Stavanger første helga i januar.

Ho vart lam etter badeulykke

Skarstein vart utsett for ei badeulykke i Thailand i 2008. Då måtte ho gjennom fleire operasjonar. Ein av operasjonane gjekk ikkje som han skulle, og i 2009 vart ho lam frå livet og ned.