Eit lodd har stått i ein safe i Paris-forstaden Sevres sidan 1889 . Det har vore sjølve definisjonen på éin kilo. No skal loddet pensjonerast.

Foto: Christophe Ena / AP / NTB scanpix

Kilogrammet er pensjonert

ØkonomiKor mykje er ein kilo? Etter 129 år er det staka ut ei ny framtid for både kiloen og fleire andre internasjonale måleeiningar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Ein dag i midten av november 2018 samla ei gruppe vitskapsfolk frå heile verda seg i Versailles i Frankrike. Dei skulle stemme over fleire foreslåtte endringar i det internasjonale målesystemet (SI).

Fakta om SI-systemet

  • SI-systemet er eit internasjonalt einingssystem for fysiske mål.

Einige om å endre grunn-einingane

Vitskapsfolka vart einige om at alle dei sju grunn-einingane i SI for første gong skal endrast samtidig. Fire av dei – kilogram, ampere, kelvin og mol – får heilt nye definisjonar. Dei tre siste – sekund, meter og candela – blir som før, men skal omformulerast.

Betre teknologi

Årsaka til endringa er at teknologien no har gitt betre og meir nøyaktige måtar å måle på.

Geir Samuelsen er direktør for det norske Justervesenet, Han var med på det historiske møtet i Versailles.

– Den teknologiske utviklinga har no komme så langt at vi kan knyte kilogrammet òg til ein natur-konstant. Det betyr at vi no får ein stabil referanse. Det gir oss godt grunnlag for vidare utvikling, seier Samuelsen.

Ur-loddet ned frå trona

Til no har kilogrammet vore definert etter vekta på eit prototype-lodd. Det har stått i ein safe i Paris-forstaden Sevres sidan 1889. Når definisjonen for kilogrammet no blir endra, betyr det at dette ur-loddet blir dytta ned frå trona. Da er det ikkje lenger sjølve definisjonen på éin kilo.

Forskarane reknar med at prototypen har «mista» 50 mikrogram sidan 1889. Det betyr at måla våre for masse blir endra for alt anna i universet.

Plancks konstant

Den nye definisjonen blir ein fast numerisk verdi, som byggjer på Plancks konstant. Den byggjer på viktige oppdagingar fysikaren Max Planck gjorde rundt år 1900.

Alle dei sju hovud-måleeiningane skal frå no vere bundne til slike fundamentale konstantar.

Det nye SI-systemet trer i kraft på den internasjonale meteorologidagen 20. mai 2019.