Dårleg vêr har hindra hjelpemannskapa i å ta seg inn til skredområdet i Tamokdalen. Fire skituristar vart tatt av skred der 2. januar. Først 16. januar kunne leitemannskapa gå i gang med å grave dei ut av raset.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Gilbert vil merkje ras-farlege fjell i guide-bøkene

SamfunnOverlege Mads Gilbert meiner vi kan lære av skred-ulykka i Tamokdalen i Troms. Han vil merkje «dødsfjella» i guide-bøkene.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

– Lærdommen dei siste tjue åra er at den einaste måten å vere sikker på å overleve eit snøskred, er å ikkje bli tatt av snøskred, seier Gilbert til Nordlys.

Mads Gilbert er overlege ved Universitetssjukehuset i Tromsø (UNN).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Dei fire turistane frå Finland og Sverige som forsvann i Tamokdalen 2. januar, vart tatt av snøskred og omkom. Det meiner Gilbert vi bør lære av.

Naturen kan vere livsfarleg

– Den nordnorske naturen er mektig, uføreseieleg og ofte livsfarleg. I kystklima som i Canada og Nord-Noreg må folk gravast fram innan ti minutt for å ha 90 prosents sjanse for å overleve, seier legen.

Åtti prosent av dei dei som blir tatt av skred, døyr av kveling. Resten døyr av skadar, viser studiar.

Fakta om fjellvettsreglane

  1. Planlegg turen og meld frå kor du går
  2. Tilpass turen etter evne og forhold
  3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel
  4. Ver førebudd på uvêr og kulde, også på korte turar
  5. Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre
  6. Gjer trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is
  7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kor du er
  8. Vend i tide, det er inga skam å snu
  9. Spar på kreftene og søk ly om nødvendig

Turistane må få betre informasjon

Gilbert ønskjer seg meir informasjon til turistar, og han vil merkje fjella i topptur-bøkene.

– Ved kvart einaste bilete av eit fjell i solskin – der folk har vorte tatt av snøras og omkomme – bør det stå ein svart tekstboks i biletet med opplysningar om skred-ulykkene på dette fjellet. Det vil hjelpe turfolk til å få eit mykje meir realistisk bilete av risikoen, meiner han.

Informasjonen må vere synleg

Gilbert meiner òg at den same typen oppslag må henge på hotell, vertshus og flyplassar.

– Det er tydelegvis ikkje nok med ei generell åtvaring om skredfare, seier overlegen ved Universitetssjukehuset i Tromsø (UNN).

Fire skiløparar vart tatt av skredet

Dei finske skiløparane Mikael Sten (29), Niklas Nyman (36), André Stenfors (32) og svenske Disa Bäckström (29) har omkomi skredet 2. januar.

Dei fire var på topptur til Blåbærfjellet. Ein femte person som var med i turfølgjet, vart ikkje tatt av skredet.

Dårleg vêr har skapt problem

På grunn av vêret har det vore lange avbrot i leite-arbeidet.

Først onsdag 16. januar var det mogleg å starte arbeidet med å grave dei fire ut av raset. Alt den første dagen fann dei den første av dei fire.