Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen heldt den årlege talen sin i Oslo Militære Samfund denne veka. Han meiner Noregs forsvarsevne har vorte for dårleg.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Forsvarssjefen åtvarar: Noregs forsvarsevne er for dårleg

PolitikkForsvarsstrukturen må styrkjast for å oppfylle dei nasjonale behova og NATO-krava, seier forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.

  • © NTB
  • Publisert:

Det gjeld særleg Sjøforsvaret og landstyrkane, meiner han.

– Vi må ha større kraft og høgare tempo i arbeidet med å styrkje forsvarsevna vår, sa forsvarssjefen i ein tale i Oslo Militære Samfund 21. januar.

Nøktern forsvarsstruktur

Bruun-Hanssen viser til rådet han sjølv gav då regjeringa skulle meisle ut ein langtidsplan for Forsvaret fram til 2020. Då var rådet å sikre ein nøktern forsvarsstruktur.

Forsvaret har mange oppgåver. Her hjelper dei politiet og hjelpemannskapa i Tamokdalen i Troms, der fire utlendingar vart tekne av ras 2. januar.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

– I dag er realiteten at det minimumsforsvaret ikkje lenger er eit minimum. Det er for lite til at Forsvaret over tid kan klare forpliktingane våre nasjonalt og internasjonalt, seier han.

Han seier òg at Forsvaret har lite folk i dei folketette områda i Sør-Noreg som kan stille opp for politiet ved eit eventuelt terrorangrep.

Klarer ikkje NATO-krava

Bruun-Hanssen meiner Noreg ikkje klarer å leve opp til krava i det nye NATO-initiativet «4 gongar 30». Det går ut på at alliansen skal kunne stille på beina 30 bataljonar, 30 krigsfartøy og 30 jagarflyskvadronar i NATO-området innan 30 dagar.

– Slike bidrag kan ikkje oppfyllast med den strukturen vi har i dag, og dei krev eit større volum av landstyrkar og maritime kampfartøy, seier han.

Uroar seg over Russland

Bruun-Hanssen er uroleg over trusselen frå nabolandet vårt, Russland.

Forsvarssjefen synest det er urovekkjande at Russland simulerer angrep på norsk infrastruktur og allierte styrkar i Noreg.

Svekkjer tilliten

– Det svekkjer tilliten og skaper mykje uvisse om dei russiske intensjonane, seier Bruun-Hansen.

Han trekkjer òg fram at Russland skal ha forstyrra GPS-signal i Finnmark under NATO-øvinga Trident Juncture i fjor.

Russarane utfordrar oss

Russarane er ekspertar på utnytte gråsona mellom krig og fred, meiner forsvarssjefen. Ulike typar aksjonar – frå likvideringar til cyberangrep og propaganda – er ein «bevisst strategi for å utfordre styre- og levesettet vårt», trur han.